Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

By Arne Olav Hageberg (red.)Society & Culture
Download on the App Store

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episodes

  • Future Library

    I denne episoden får du bli med inn i Future Library  sitt underlege univers. Mykje er skrive og sagt om kunstnaren Katie Paterson sitt svimlande kunstprosjekt. Men likevel kan det vera vanskeleg å gripa. For kva er greia med manuskript av store forfattarar som ikkje skal publiserast på 100 år? Og kva har eit plantefelt i Nordmarka med litteratur å gjera? Alt det og meire til får du grundig forklart her. Ann-Mari Bugge sin tekst er lang og vandrande. Den gir innblikk i alle dei ti framtidsbibliotekforfattarane som til no er offentleggjorte, og eit par som kunne vore det. Og like mykje som ei slags innføring i Future Library er den eit innspel i den store samtalen om kunsten og litteraturen sin plass i livet til kvar og ein av oss. Det er bare å gi seg over.

    Forfattaren Ann-Mari Bugge kallar seg sjølv ein slags litteraturvitar. Ho jobbar som frilansjournalist og timelærer i pedagogikk på Universitetet i Sørøst-Norge, og saman med Trine Solstad er ho aktuell med fagboka Seriøst? Om sakprosa for barn på Universitetsforlaget. Ho har litteraturvitskap, pedagogikk og engelsk i fagkretsen og er master i faglitterær skriving.

    Future Library-forfattaren David Mitchel blei forresten intervjua i samarbeidspodkasten vår Forfatteren & Favoritten for litt sidan. Den episoden er også vel verdt å få med seg.

    58 min
  • Dette ønsker ungdomar på biblioteket

    Er du oppteken av å laga gode ungdomstilbod? Då er det sjanse for at du vil sitta igjen med ny relevant kunnskap etter å høyrt denne episoden. 

    Då biblioteket i Drammen skulle planlegga ny ungdomsavdeling fann dei seg sjølv stillande dei same spørsmåla som mange har gjort før dei: Kva er det ungdomen likar? Og ikkje minst: Kva likar dei ungdomane som ikkje er på biblioteket til vanleg? Korleis bygga eit ungdomstilbod både for dei som frekventerer Ffifa-en og fabelprosa-hylla fast, og for dei som aldri har motteke ei einaste purring? "Her treng vi profesjonell hjelp," konkluderte avdelingsleiar i Drammen Anne Kaslegard. Etter at anbodsrunden var over endte dei opp med Lene Thorsen frå det Oslo-baserte marknadsanalyseselskapet Innsikteriet. Ho fekk i tale både dagens unge bibliotekbrukarar og respondentar utan inngrodde bibliotekvanar. Vi møtte Kaslegard og Thorsen på Drammen bibliotek til ein samtale der dei delte villig kva for innsikter ungdomane har gitt dei.

    Om du etter å ha høyrt denne episoden skulle ønska å lesa heile rapporten, er det bare å ta kontakt med Anne Kaslegard. 

    41 min
  • Brynjulf Jung Tjønn er gjest i Forfatteren & Favoritten

    Forfatteren av Kvit, norsk mann og Smadra er den 22. gjesten i Forfatteren & Favoritten.

    Brynjulf Jung Tjønn ble født 1980 i Seoul i Sør-Korea. I 1983 ble han adoptert til Feios i Sogn og Fjordane, der han vokste opp som odelsgutt. Han debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002. Senere har han gitt ut flere romaner for voksne og den kritikerroste barnebokdebuten I morgen skal vi sitte i solen (2009). I 2021 vant han P2-lytternes romanpris for Kvar dag skal vi dere så modige. Som om det ikke var nok: For ungdomsromanen Så vakker du er fikk han Brageprisen 2013. I disse dager topper han boklistene med en lyrikksamling om identitet, rasisme og det å høre til, eller ikke gjøre det. 

    I denne samtalen med Stian Omland forteller han blant annet om diktet som ga ham frysninger som ung gutt, og om å like moderne lyrikk uten å forstå noen ting av den. Han forteller om fotball, år på kristen internatskole og andre nøkkelhendelser i ungdomstida. Hvorfor begynte han å skrive dikt om aper? Hvilken bok kom nesten på pallen, og hvilken bok ga ham troen på at han også kunne få gitt ut det han skrev?

    Pallen:

    1. Johan Harstad – Herfra blir du bare eldre (2001) 
    2. Lars Saabye Christensen – Beatles (1984)  
    3. Gro Dahle – Karneval – Dikt i utvalg 1987-1997 (1998)
    4. Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980)

      Produksjon i utvalg:

      • Kinamann (roman, voksen, 2011) 
      • Så vakker du er (roman, ung 2013)
      • Smadra (roman, ung, 2018) 
      • Kvar dag skal vi vere så modige (roman, voksen, 2021)
      • Kvit, norsk mann (dikt, voksen, 2022)
      • Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.

        Episoden ble spilt inn på Porsgrunn bibliotek 26.01.2023.

        Programleder: Stian Omland

        Teknikk og redigering: Marcus Patai

        Musikk: Halvor Nordal Strand 

        Redaktør: Arne Olav Lunde Hageberg

        Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik 


        1 hr 9 min
      • Ferien som aldri tok slutt

        Dei fleste av lesarane og lyttarane våre veit kor viktig det er med bøker og bibliotek. Men så er det jo litt deilig også å bli minna på det av og til, å få nok eit bevis, å høyra endå ei forteljing om bibliotekbøker som har gitt ny innsikt - anten den resulterer i ei av verdshistorias mest livsviktige medisinske oppdagingar, eller bare eit rikare blikk på kartongen med pasteurisert mjølk i kjøleskapet.

        Episode 13 av podkasten fortel historia om eit tilfeldig museumsbesøk på ein varm sommarferiedag som via eit djupdykk i bibliotekmagasina gav spanande ny kunnskap. 

        Denne teksten om Louis Pasteur blei opphavleg publisert på bokogbibliotek.no den 27. desember i år, nøyaktig 200 år etter at hovudpersonen kom til verda. 

        Manus: Lene Christensen

        Innlesar: Lena Barth Aarstad

        18 min
      • Alexander Kielland Krag er gjest i Forfatteren & Favoritten

        Norges første Instagram-forfatter i samtale med Stian Omland fra Porsgrunn bibliotek. Hva kom først, Instagram-romanen eller boka?

        Kommer Alexander Kielland Krag til å skrive den store norske forsikringsromanen? Har han lest Alexander Kielland? Hvor lenge laget moren matpakke til ham? Hva sladret Alexander og vennene om? Hvorfor pendlet han til Stabekk mens han gikk på videregående? Hvor knivdrepte Alexander (11) en kvinne? Hvorfor er det så mye sprengkraft i den første forelskelsen? Var debutanten Alexander stormannsgal? Bygger Litt redd, bare på egne erfaringer? Kommer Alexander snart med noe nytt? Trengte han skjema for å holde orden på bronseplassen? Hvilken bok inspirerte ham da han skrev sin egen debutroman? Hva har forfatteren Alexander lært av førsteplassen sin?

        Pallen:

        1. Per Petterson – Ut og stjæle hester (2003)

        2. Ane Barmen – Draumar betyr ingenting (2019)
        3. Audrey Niffenegger – The Time Traveler’s Wife (2003) / Den tidsreisendes kvinne (no. 2006)

        Episoden ble spilt inn med publikum på Horten bibliotek under Kimen litteraturfestival 09.11.2022.

        Programleder: Stian Omland

        Tekniker: Fredrik Dahle fra Artilleriverkstedet

        Redigering: Marcus Patai

        Musikk: Halvor Nordal Strand

        Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik
        Redaktør: Arne Olav Hageberg

        Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.

        Alexander Kielland Krag (f. 1992)

        Produksjon:

        Dette blir mellom oss (roman, 2020)

        Litt redd, bare (roman, 2021)

        51 min
      • Knut Olav Åmås og Gamlebyen skolebibliotek under Årets bibliotek 2022

        Episode 11 er via fullt og heilt til utdelinga av prisen Årets bibliotek 2022, som gjekk til skulebiblioteket ved Gamlebyen skole i Oslo og blei utdelt for fullsatt sal på Deichman Grünerløkka torsdag den 12. januar 2023. Alle dei nominerte var representerte i salen, både Horten bibliotek, Ringsaker bibliotek, Viken fylkesbibliotek og Senja bibliotek, og stemninga var mildt sagt spent då direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås opna konvolutten og las opp namnet på vinnaren.

        Prisen Årets bibliotek er blitt delt ut av Norsk bibliotekforening kvart år sidan 1988.

        Her får de del i noko av det som skjedde under utdelinga i år, først takketalen til biblioteklærar Elisabeth Jensen Lombnæs og rektor Geir Johansen ved Gamlebyen skole. "Min jobb bør finnast på alle skular i heile Noreg," sa Lombnæs, og dedikerte prisen til alle born som ikkje har skulebibliotek. "No skal vi bruka dette til å jobba for det til alle," lova biblioteklæraren.  

        Deretter får de høyra Åmås sin tale, der han tar utgangspunkt i sitt eige innlegg som sto på trykk i Aftenposten 29. oktober i fjor «Ro er den nye rocken». 

        Til slutt får de høyra kva prisvinnarane hadde å seia då eg møtte dei til eit intervju mens skuldrene senkte seg og stolane blei rydda.

        Bruk [email protected] for å senda tilbakemeldingar, idear, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufta eller diskutera. Og om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

        38 min
      • Tider skal komme - om fremtidsscenarier i 1991 og AI i 2022

        I denne episoden får de ein ny godbit frå Ove Sundby. Teksten står også på trykk i utgåve 4/2022 av Bok & bibliotek. Hugsar du Ove Sundby sin tekst om då Peking-anda gjesta Bok & bibliotek i 1976? Om ikkje kan du høyra den i episode 2 av podkasten. Også i dagens episode vender Sundby blikket bakover for å hjelpa oss å tenka framover. Han fortel om framtidsscenariekonferansen Bibliotek 2020 som gjekk av stabelen på Biri i 1991. Sundby nemner mellom anna at han ikkje ser så mange spor av konferansen i ettertida. Men det kan vi faktisk retta på allereie no, for om du går til inn på bokogbibliotek.no etter at du har høyrt episoden, kan du faktisk lesa eit vitnemål frå ein av dei som var med! Bibliotekar Thomas Brevik går så langt som å kalla deltakinga på scenariekonferansen ei livsendrande oppleving. Ikkje mindre.

        I episoden gir også Arne Olav Hageberg ein introduksjon til den nyleg lanserte kunstige intelligensen ChatGPT som ligg tilgjengeleg for fri bruk her.  

        Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papirutgåva, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.

        Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av gode meldingar og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Så om du fann dette meningsfullt, viktig, eller kanskje gøy, så veit du kva du må gjera.

        19 min
      • Erik Eikehaug

        I den andre samarbeidsepisoden mellom podkasten Bok & bibliotek og podkasten Forfatteren & Favoritten har Stian Omland møtt Erik Eikehaug, forfatteren av James Franco spytter når han snakker og Skatten og tyven.

        Hvorfor har Erik Eikehaug en dragning mot E18? Hvilken veldig skummel og streng forfatterdame lærte ham om skriving i England? Hva gjør egentlig en sufflør? Ser han fortsatt på Gilmore Girls? Hvorfor var Erik livredd for russen? Og leste han hele Sofies verden?

        Pallen:

        1. Jostein Gaarder – I et speil, i en gåte (1993)

        2. Nick Hornby – Gutter er gutter /About a Boy (1998 / No. 1998)

        3. Tormod Haugen – Øglene kommer (1991)

        Episoden ble spilt inn med publikum i sirkusteltet under Appelsinia litteraturfestival i Skien 28.9.2022.

        Programleder: Stian Omland

        Tekniker: ­­­­Øyvind Eriksen fra Klyve lydstudio

        Redigering: Marcus Patai

        Musikk: Halvor Nordal Strand

        Redaksjonsmedlemmer: Hanne Sandvik og Arne Olav Lunde Hageberg
        Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.

        Erik Eikehaug (f. 1982)

        Produksjon:

        James Franco spytter når han snakker (roman, 2017)

        Skatten og tyven (roman, 2022)

        Som medforfatter:

        Bare Victor (med Victor Sotberg, sakprosa, 2020)

        Bruk [email protected] for å sende tilbakemeldinger, ideer, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere. Og om du ikke vil gå glipp av en eneste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

        1 hr
      • Folkebibliotek får millionar over Statsbudsjettet til Ibsenformidling

        Kan eit lokalt, norsk folkebibliotek ha som mål å nå ut til heile verda? Kva ligg bak ein uttalelse om at «Ibsen er vår flytevest»? Og kva er eit Ibsenbibliotek?

        Alt dette får du svar på i dette intervjuet med biblioteksjef i Skien Henriette Stoltz og prosjektleiar Christiane Lieungh. Dei to har opplevd det uvanlege å få  millionløyvingar over statsbudsjettet til å skapa innhald i biblioteket sitt. I budsjettavtalen mellom AP/SP og SV ligg det nemleg inne mange statlege millionar til Skien bibliotek sitt arbeid med å bygga det nye Ibsenbiblioteket og til å driva Sølvåren Ibsen formidlingssenter, som skal bli integrert i det nye biblioteket i byen der Henrik Ibsen blei fødd i 1828.

        26 min
      • Line Renslebråten i verdens første fellesepisode med Forfatteren & Favoritten

        Med denne episoden introduserer vi et strålende nytt samarbeid mellom podkastene Bok & bibliotek og Forfatteren & Favoritten!

        En gang i måneden vil vi sammen gi ut intervju med forfattere som snakker om bøkene sine, om da de var mellom 15 og 20 år, og om tre favorittbøker som gjorde inntrykk i den alderen, eller som de har lest senere og vil anbefale for denne målgruppa. Podkasten Forfatteren & Favoritten drives fra Porsgrunn bibliotek og ble lansert i april 2021. Til nå har det blitt 19 forfattermøter. Alle de tidligere samtalene kan høres her. Her finner du gode lesetips, ukjente personlige anekdoter og nære fortellinger om hva bøker kan bety, ikke minst for unge lesere.

        I denne episoden er Line Renslebråten gjest, forfatteren og illustratøren av Virkelighetens monstre og Under Polarisen, og illustratøren av Blåhvalen.

        Hvor pleide Line Renslebråten å sove i russetida? Hvilken karakter har hun i filting av ull? Lærte hun noe tysk av å tegne forsiden på gloseheftet? Husker Line klonesauen Dolly? Var hun soss eller en av de andre? Våknet hun virkelig en dag uten øyebryn? Hvorfor rømte hun hjemmefra? Hvorfor ber hun foreldrene om unnskyldning? Hva betydde Oslo lysverker for Lines utvikling som tegner? Passet koronapandemien godt med planen hennes om å bli forfatter og illustratør på heltid? Hva tvang hun søsteren til å gjøre da de var barn? Hvor klistret hun dødninghoder? Hvordan overvant hun edderkoppskrekken? Hva gjorde hun med den første skorpionen hun traff? Hva er universalkuren mot insektbitt? Hva er det med blåtonene under vann? Hva betydde steinalderhusmorporno for en 15-åring som aldri hadde hatt sex? Og hva har Trond-Viggo Torgersen med saken å gjøre? Hvilken bok fikk henne til å tenke på menneskenes ondskap? Hvordan oppdaget hun at en forfatter som hadde vekket henne, var en skikkelig fæl fyr? Skiller hun verket og forfatteren? Bør man lese førsteplassen til Line, eller heller se dokumentaren om forfatteren?

        Pallen til Line Resnlebråten:

        1. Forrest Carter – Du finner meg i fjellene (1978)
        2. John Irving – Siderhusreglene /Cider House Rules (1985/no. 1986)
        3. Jean M. Auel – Hulebjørnens klan / Clan of the Cave Bear (1986/no. 1986)
        4. Episoden ble spilt inn med publikum på Lundetangen pub under festivalkroa på Appelsinia litteraturfestival i Skien 28.9.2022.

          Programleder: Stian Omland

          Tekniker: Øyvind Eriksen fra Klyve lydstudio

          Redigering: Marcus Patai

          Musikk: Halvor Nordal Strand

          Tegning til episodeikonet: Per Ragnar Møkleby 

          Redaksjonsmedlem: Hanne Sandvik

          Ansvarlig redaktør: Arne Olav Hageberg

          Forfatteren & Favoritten er et samarbeid mellom tidsskriftet Bok & bibliotek og Porsgrunn bibliotek.

          Line Renslebråten (f. 1980)

          Produksjon i utvalg

          Som forfatter og illustratør:

          • Dyrene som forsvant (2017)
          • Under polarisen (2018)
          • Virkelighetens monstre (2019)
          • Dyr som gjemmer seg (2020)
          • Helter fra dyreriket (2022)
          • Som illustratør:

            • Blåhvalen (2020)
            • Bruk [email protected] for å sende tilbakemeldinger, ideer, stoff til vurdering, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere. Og om du ikke vil gå glipp av en eneste episode av podkasten Bok & bibliotek er det lurt å abonnere.

              50 min

            About Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

            From the publisher's feed

            Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.