Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

By Arne Olav Hageberg (red.)Society & Culture
Download on the App Store

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda episodes

  • Bokbad med stortingspresident Masud Gharahkhani

    Denne gangen har vi eit intervju på programmet, nærare bestemt eit bokbad med stortingspresident Masud Gharahkhani som eg fekk lov å ha, recorded in front of a live library audience på Skien bibliotek måndag 7. november 2022.

    Aschehoug gav ut boka hans Norge i mitt hjerte i oktober 2022. Den er ein slags midtvegsrapport frå ein 40-åring som har reist lengre enn dei fleste, frå asylmottaket til stillinga som den høgast rangerte etter kongen. Då Masud var fem år flykta han med foreldra frå eit Iran herja av krig og politisk forfølging. Vegen gjekk til Skotselv like nord for Drammen. Der møtte familien eit bygdesamfunn som tok dei imot med opne armar, men etter kvart også rasisme frå høgreekstreme grupperingar, og uklok valkamp frå motdebattantar i Drammen då Ghrahkhani blei Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat der i 2011. I samtalen kjem vi også inn på det som skjedde på Utøya den sommaren, og konsekvensane det fekk for Arbeiderpartiet og resten av samfunnet vårt.

    Gharahkhani er ein omgjengeleg og lite høgtideleg type, noko som også påverkar måten han forvaltar den litt udefinerte rolla som stortingspresident i Norge. Men mest av alt har han brukt rolla til å bli ein synleg og tydeleg forkjempar for demokrati og ytringsfridom – både i Noreg og internasjonalt, anten han held tale ved minnegudstenesta etter terroren under pride-feiringa i Oslo i sommar, besøker Volodomir Zelensky i Ukraina eller talar styresmaktene i Iran midt imot på persisk så demonstrantane i gatene i Teheran jublar og ambassadørar blir kalla inn på teppet.

    Før vi snurrar i gang intervjuet vil eg bare takka Skien bibliotek for at eg fekk lov til å vidareformidla denne samtalen, som var eit alminneleg vellukka bibliotekarrangement med rundt 100 menneske i salen, mange av dei med røter i Iran. Eg vil også oppfordra alle til å følga Skien bibliotek på Instagram. Dei gjer mykje fint der, ikkje minst var dei blant dei første i landet til å introdusera bokfjesfredagen.

    Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt ei nettside. Der kan du abonnera, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Bruk  [email protected] for å senda inn stoff til vurdering, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.

    Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi alltid avhengige av god omtale og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

    50 min
  • Helene Heger Voldner: Den vanskelige godheten

    I denne episoden les Helene Heger Voldner sin eigen tekst «Den vanskelige godheten», som sto på trykk i utgåve 1-2022 av Bok & bibliotek.

    Teksten er utprøvande og utforskande, og Voldner skriv ærlig om famling og usikkerhet som dei fleste kan kjenna seg seg att i:

    Jeg er redd for å være god på mangfold, men på den uinteressante måten. Jeg er redd for å være god på den naive måten, der mennesker reduseres til flate, ensidige inntrykk. Der vi ikke skaper samtaler som hekter seg på andre samtaler, og som utvider forståelsen vår. Men der vi inviterer mennesker kun som en ensidig størrelse. Denne godheten er både skadelig og uinteressant.

    Helene Heger Voldner jobbar til vanleg ved Deichman bibliotek i Oslo. I sommar blei ho valt til nestleiar i Norsk bibliotekforening, men teksten i denne episoden har ho skrive på vegne av seg sjølv. Først deler ho nokre tankar om kvifor ho skreiv teksten, og korleis det var å jobba med den.

    Om du vil veta meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt ei nettside. Der kan du abonnera, lesa nettsaker og tidlegare utgåver digitalt. Bruk  [email protected] for å senda inn stoff til vurdering, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.

    Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi framleis avhengige av god omtale og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

    14 min
  • En samtale om ledelse i usikre tider - Bibliotekledersamtalen 2022

    I denne episoden får de høyra eit opptak av ein scenesamtale under Biblioteklederkonferansen 2022, den såkalte Bibliotekledersamtalen, i år med Birgitte Shumann-Olsen frå Lillehammer bibliotek, Jorun Systad frå Sunnfjord bibliotek og Mona Magnusen frå Tromsø bibliotek. Det var god stemning i salen og på scenen, og dei tre biblioteksjefane i panelet hadde mykje klokt å bringa til torgs om både pandemi, kvardag, biblioteka sin rolle i krisetider, og ikkje minst om den kontinuerlege krisa i bibliotekøkonomien.

    Biblioteklederkonferansen 2022 blei halden på Scandic Oslo Airport hotel på Gardermoen 19.-21- oktober. Nasjonalbiblioteket var som alltid vertskap, og temaet i år var "Uforutsigbare tider" - om korleis ein best kan driva bibliotek og leia, gjera veivalg og prioriteringar når tidene er usikre, anten det er på grunn av pandemi, krig, lokale kriser eller større samfunnsendringer som flyktningestrømmer og inflasjon. 

    Det kjem ein kommentar om brannen i Larvik bibliotek i 2019, og det er fordi leiaren der, Kari Molvær, var på scenen rett før opptaket blei gjort og fortalte om dette. Bent Høie sto også på programmet under konferansen, og får ein lissepasning frå Birgithe Schumann-Olsen undervegs i samtalen.

    Samtalen blei teken opp onsdag den 19. september i år. Intervjuar er Arne Olav Hageberg.

    Om du vil vita meir om Bok & bibliotek så har vi sjølvsagt nettside. Der kan du abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.

    Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!



    30 min
  • På scenen med Salman Rushdie den dagen

    Gjesten i denne episoden heiter Henry Reese og er ein av grunnleggarane av City of Asylum i Pittsburgh, USA. Opptaket var opphavleg gjort som underlag for det skriftlege intervjuet med Henry Reese, som står på trykk i utgåve 3/2022.

    Då attentatet mot Salman Rushdie skjedde den 12. august i år, sat Henry Reese rett ovanfor han på scenen til The Chautauqua Institution, klar for å starta ein alminneleg forfattarsamtale. At det var akkurat Reese som skulle intervjua Rushdie, heng saman med at han er involvert i det internasjonale Friby-nettverket ICORN, som mange norske bibliotek og er med i, og som har hovudkontor på Sølvberget i Stavanger.

    Salman Rushdie sto i front då forløparen til ICORN blei danna i 1993. Ideen var enkel: å bygga eit nettverk av byar som kunne gje ly til forfattarar som blei forfølgde. Det var dette Reese og Rushdie skulle til å snakka om då Hadi Matar storma opp frå publikum og begynte å stikka Rushdie med kniv. For Henry Reese blei denne brutale opplevinga ei påminning om kva det vil seia å vera ein lesar, og om det umåteleg viktige oppdraget til biblioteket og alle som jobbar der.

    Samtalen med Henry Reese blei teken opp den 14. september i år, over Skype frå Pittsburgh til Skien. Intervjuar er Arne Olav Hageberg.

    Du finn meir informasjon om Bok & bibliotek på bladet si nettside. Der kan du lesa nettsaker, abonnera, lesa tidlegare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera.

    Om du ikkje vil gå glipp av ein einaste episode, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi avhengige av god omtale og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Så om du fann dette meiningsfullt og viktig, eller gøy, så veit du kva du må gjera. Takk!

    34 min
  • Da Peking-anden hjemsøkte Bok og Bibliotek i 1976

    Til andre episode har vi funnet fram en skikkelig godbit fra utgave tre i 2021, bibliotekar Ove Sundby sin tekst «Da Peking-anden hjemsøkte Bok og Bibliotek». Sundby tar oss med tilbake til 29. november 1976, nærmere bestemt til en tidlig morgen i lokalene til Statens bibliotektilsyn, som den gangen gav ut Bok og bibliotek. Akkurat denne dagen har Aftenposten på trykk kulturjournalist Per Egil Hegges kronikk «Donald Duck anrettet som Peking-and», der han retter sitt kritiske blikk mot det han mener er undermåls og politisk tendensiøse bokanbefalinger for landets biblioteker: «En del av «orienteringene» er nemlig utilslørt AKP-propaganda av tanketommeste og mest stereotype sort …».

    Teksten blir lest av Lena Barth Aarstad.

    Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på papirutgaven, lese nettsaker og tidligere utgaver digitalt, eller sende inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noe du vil lufte eller diskutere. 

    Om du ikke vil gå glipp av nye episoder, er det lurt å abonnere på podkasten vår. Og så er vi avhengige av gode anmeldelser og mange stjerner, tomler og delinger for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Så om du fant dette meningsfullt, viktig, eller kanskje gøy, så vet du hva du må gjøre. Vi høres!

    16 min
  • Bibliotek i krig

    I denne første episoden podkasten Bok & bibliotek skal vi til Ukraina. Korleis er det å driva bibliotek i krigstid? Når magasinet må bli bomberom, aviskroken blir systove for kamuflasjenett, og kollegaer i okkuperte områder ber om hjelp for å ha råd til mat og livsnødvendige medisinar? Og kva med nasjonalarven? Korleis tek ein vare på nasjonen sin hukommelse når rakettane nærmar seg biblioteka, og store delar av samlinga aldri er blitt digitalisert? Kva gjer du når medlemma i bibliotekorganisasjonen din byrjar å marsjera i takt med okkupasjonsstyrkene til Vladimir Putin? I ukrainske bibliotek strekker frontlinja seg langt inn i bibliotekhyllene.

    Oksana Boyarinova besøkte Noreg og Stavanger under litteratur- og ytringsfrihetsfestivalen Kapittel i september. Som leiar i den ukrainske bibliotekforeininga representerer ho mange av dei tilsette i landets 15 000 bibliotek – skulebibliotek og fag- og forskingsbibliotek kjem i tillegg. For både henne og resten av styret går mykje av tida no til å reisa rundt og fortelja verda om situasjonen i heimlandet. Dei samlar også inn pengar, både til akutt hjelp til bilbliotekarar som er råka av krigshandlingar, og til eit fond for restaurasjon i fredstid (klikk på lenkene for å vera med å gi).

    Oksana vil jobba med bibliotekutvikling. Ho vil skapa opne og frie rom for utdanning, inspirasjon, møter og arrangement. Høyrest det kjent ut? Om sanninga er krigens første offer, er nok langsiktige utviklingsstrategiar og prosjektplanar det andre. På denne nettsida kan du lesa personlege vitnemål frå bibliotekarer i dei okkuperte områda i Ukraina.

    Intervjuet er gjort av redaktør i Bok & bibliotek, Arne Olav Hageberg og spelt inn på eit grupperom på Sølvberget i Stavanger ondag den 21. september 2022.

    Besøk bokogbibliotek.no for å bli abonnent på pairutgåva, lesa nettsaker eller tidligare utgåver digitalt og senda inn stoff. Ta kontakt på [email protected] med ris og ros, eller om det er noko du vil lufta eller diskutera. Om du ikkje vil gå glipp av nye episodar, er det lurt å abonnera på podkasten vår. Og så er vi eigentleg avhengige av gode meldingar og mange stjerner, tomlar og delingar for å bli lagt merke til. Sånn er det blitt. Som om du syntes dette var meiningsfylt og viktig, så veit du kva du må gjera. 

    Bruk denne lenka for å gje støtte som går direkte til ukrainske bibliotekarar i akutte situasjonar. 

    Klikk her for å bidra til Ukraine Library Relief Fund, som den amerikanske bibliotekforeininga har oppretta for å hjelpa Ukrainske bibliotek med utstyr og oppbygging. 

    39 min

About Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

From the publisher's feed

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.