Steinar Årset fekk MS som 22-åring, men let det ikkje knekka seg. Han skal knekka sjukdommen med friluftsliv og aktivitet. Han går Noreg på langs for å halda sjukdommen i sjakk, og for å setja fokus på at sjukdommen ikkje treng vera meir til hinder enn kva du sjølv gjer det til.