Elevane på Voss Jordbruksskule si villmarkslinje inviterte på strandhogg i sentrum då dei skulle åpna Friluftslivets år. Det møtte alt frå 2-åringar til småfrosne ordførarar. Tove Fugelsnes startar på jegerprøven med eit smell...
Me byr på kavalkade frå 2014. Leirskulebesøk, fjellvandring, fiske jakt og miljø er blant innslaga. Og så er me på tidenes einaste "heime hjå"-reportasje, på hytta til den nyslåtte pensjonisten Arnulf Møllerstad...
Magasinet ferier romjul med eventyrlege naturopplevelsar på Svalbard, me får eit gjenhøyr med miljøproblematikk som dei fleste vil hugsa frå 80-talet, og me skal treffa ein svenske som ikkje delar FN sitt klimapanel sine spådommar for framtidsklimaet...
Korleis tala naturen og friluftslivets sak i landets rakskast veksande region? Emily L. Halvorsen frå Forum for natur og friluftsliv fortel til Helge Søfteland, me får høyra meir om folkehelse, vindmøller og vassdirektiv. I Bodø er me på uteskule med reporter Helge Lyngmoe.
Rune Gjeldnes har kryssa Antarktis aleine, padla Amazonas og landa på Stetind med fallskjerm. Me møter eventyraren på heimebane eit steinkast frå Værnes. Friluftsråda gjer mykje bra landet rundt, og me får høyra at det er milliardgevinst i god folkehelse.
Newton-camp er eit tilbod der ungar forener friluftsliv og naturfag i naturen. Får dei til å laga vasskraft og katapult langs eit vatn i Telemark, tru...? Me skal og til Åselidalen utanfor Bodø, på jakt etter perfekte øyeblikk...
43 min
About Friluftsmagasinet
From the publisher's feed
Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.