Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Gamle eiketre, fisk på ville vatnvegar og klima...
    velkommen til friluftsmagasinet, i dag på vandring blant mange hundra år gammal historie, representert ved eit høgst levande vesen, nemlig eiketreet. Me får og høyra om at det begynner å bli feil type liv i stadig fleire vatn og vassdrag rundt i landet, ivrige sportsfiskarar flyttar karpefiskar til plassar der me ikkje vil ha dei, og gjer seg dermed til miljøkriminelle. Arnulf Møllerstad finn ut meir om dette, han finn og ut meir om korleis klimautfordringar og utbygging kan henga saman i framtida.
    47 min
  • Ein leiken fuglefotograf og forsking på barn og natur...
    Hans-Jørgen Hovelstad frå Kongsberg har bevart noko mange av oss mister når me blir vaksne, nemlig leiken og fantasien. Arnulf Møllerstad får bli med på tur, i ei sending der me og skal forska litt på korleis barn brukar naturen. Er dei meir eller mindre ute enn før, tru...?
    47 min
  • Naturskule og vårvandring i skogen...
    Her finn du ein naturskule som tek elevane ut for å la dei undra seg og vera nysgjerrige og læra naturfag der ein lærer det best, nemleg ute i naturen. I dag blir me med til eit tjern, der det ikkje berre finst fisk, men og ei heil verd av små og mikroskopiske underlegheiter som elevane finn ut meir om. Arnulf Møllerstad er på vårleg skogvandring i Porsgrunn.
    44 min
  • Hemmeleg myrbær og hederskarar...
    Me skal til nokre fuktige myrer sønnafor for Kongsberg, og jakta på det hemmelege myrbæret. Det er på sitt beste no når det dukkar fram frå under snøen, og for ivrige bærplukkarar er det rett og slett sånn at sesongen startar no om våren. Med Øyvind Stranna Larsen.
    I dag skal me og få eit dobbeltportrett av to hederskarar frå norsk friluftsliv og miljøvern, når Arnulf Møllerstad treffer herrane Erik Damman og Øystein Dahle i studio Sognsvann.
    48 min
  • Aktiv til 100, minkjakt og ei isgrotte...
    Me blir med ein sprek gjeng i sin andre ungdom på tur i fjellet rundt Bergen. Aktiv til hundre-gjengen møtest til faste turar fleire gongar i veka.
    Arnulf Møllerstad jaktar mink på Sørlandet,
    Me tar ein svipptur under ein bre på Svalbard...
    Konkurranse om kva minken heiter på latin.
    45 min
  • Miljø på Svalbard, mose og isbjørn...
    I dag får me høyra om miljøet på Svalbard. Korleis står det til etter eit drygt hundreår meg koldrift, forsking og turisme? I dag skal me og få høyra om eit mosegrodd område på Gardermoen, der industri og natur har komt i klinsj, og så er isbjørnen neste dyr ut i serien vår om dyr du kan treffa på i norsk natur…
    45 min
  • Stillheit på Svalbard og helsebot på vedskogen...
    Me besøker Svalbard Villmarkssenter der Berit og Karl Våtvik tilbyr stillheit til turistane, mens dei blir dratt innover i villmarka av ivrige polarhundar. Arnulf Møllerstad er på vedskogen i Porsgrunn, og kjem med ei oppfordring til påsketuristane i villreinfjella...
    49 min
  • Portrett av ein skaurockar og krig, kjærleik og havfiske...
    Dagfinn Kolberg frå Vestfossen i Buskerud lager skau-rock og fotograferer i nær-naturen som han elskar. Arnulf Møllerstad møter naturelskaren og visesongaren i Vestfossen.
    Helge Søfteland er i Lofoten, og får vera med to kompisar som skal gjera opp om kven som er den beste fiskaren... Med Arne Nordheim, Kjetil Bjørdal og Arvid Nordheim.
    Konkurranse om kvifor Longyearbyen heiter det den gjer...
    53 min
  • VM i skreifiske...
    Svolvær er arena for det årlege VM i skreifiske. Det er folkefest og fiskefest på ein gong, og samlar nesten sju hundre deltakarar og tusenvis av fiskefans til kappestrid med stang og snøre. Friluftsmagasinet er med på havet og får veta meir om skrei, hald og konkurransefiske...
    47 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.