Helge Søfteland er med forfattar Øyvind Stranna Larsen for å kikka etter tyttebær. Dei er kanskje på sitt beste etter å ha fått ei frostnatt eller to. Likeeins er rognebæra ekstra søte når frost og snø har gjort sitt, så bærhausten er ikkje over endå. I boka si "Bærplukkingens gleder" fortel Stranna Larsen om bæra og plukkinga si historie frå steinaldr til notid, og byr på praktiske tips og oppskrifter.
Arnulf Møllerstad er og ute med ein forfattar. I studio Sognsvann vandrar han med professor Dag O. Hessen som har skrive om klimaendringar i Noreg. Både enkeltmennesket og politikarane har ansvar og effekt på klimaendringane, kan han fortelja, og røper at han i mørke stunder er litt pessimistisk kva framtida angår...