Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Stabbursdalen, flaggspett og jakt i Hedmark!
    Helge Søfteland er i Stabbursdalen nasjonalpark i Finnmark, ein variert og spennande stad med verdensrekord i furu! Oppsynsmann Torkjell Morset og Gry Ingebretsen frå Stabbursnes naturhus viser rundt blant flaggspett, elg og brokkolifuru... Arnulf Møllerstad er i Hedmark der Ivar Pedersen har jakt og fiskeskule for ungdommen. Han møter og aspirerande jegarar under veiledning av Tove Lisbeth Finstad. Konkurranse om kva flaggspetten heiter på latin. Send svar til [email protected], NRK Natur 5020 Bergen eller svar på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    52 min
  • FEFO, Finnmark og børsemaking...
    Helge Søfteland er i Stabbursdalen i Finnmark for å finna ut meir om Finnmarkseiendommen, FEFO, landets nest største grunneigar. Arnulf Møllerstad møter ein ung kar som har valt å bli børsemakar. Naturnøtt om kva elgen heiter på latin. Send svar til [email protected] eller kom innom oss på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    44 min
  • Psykisk helse, Kirkens SOS og Noreg på tvers...
    Helge Søfteland er på vandring i grensetraktene med Janne Sukka som er generalsekretær i Kirkens SOS. Mange ringjer dei med tunge tankar, men kan ha mykje å henta på grønn resept. Arnulf Møllerstad møter Maria Grøntjernet, ei 16 år gamal jente som tok til skogs for å verta kvitt villmarksskrekken, og enda opp med å gå Noreg på langs. Naturnøtt om kva homo sapiens betyr. Send svar til [email protected] eller kom innom oss på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    45 min
  • Sjøørret, gytebekkar og dugnad...
    Helge Søfteland er på vandring langs Bønesbekken i Bergen, ein liten sildrande pytt som ingen skulle tru er den beste gyteplassen sjøauren har i desse traktene. Alv Arne Lyse frå NJFF fortel meir om sjøauren, elvenes dronning. Arnulf Møllerstad er på tur med ein ivrig men noko tunghøyrt dugnadsgjeng frå Skien turlag. Naturnøtt om kva sjøauren heiter på latin. Send svar til [email protected] eller kom innom oss på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    48 min
  • Villrein, Hardangervidda og oljeboring i nord...
    Helge Søfteland er på Kalhovd aust på Hardangervidda og møter elevar frå Rjukan vidaregåande skule, som får læra meir om villreinen. Dei følgjer han frå vidda til gryta og slaktar sjølv til dagens middag. Med Brita Homleid Lohne, Tina Dahl, Guro Lien og Lena Romtveit frå Statens naturoppsyn og Marianne Singsaas frå Villreinsenter sør. Arnulf Møllerstad debatterer bærekraft og oljeboring med Rasmus Hansson og Per Olaf Lundteigen. Naturnøtt om kor mange villrein det finst på Hardangervidda. Send svar til [email protected] eller kom innom oss på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    49 min
  • Villrein og tomtefeste.
    Helge Søfteland er på Krækkja på Hardangervidda, der Langfjellaseminaret fabulerer kring rein, natur og kulturhistorie. Mange spor frå fortida ligg lett synleg for ivrige friluftsfolk. Arnulf Møllerstad greier ut om kva menneskerettsdomstolen i Strasbourg si avgjerd får å seia for tomtefestarar og grunneigarar her i landet. Naturnøtt om kva reinen heiter på latin. Send svar til [email protected] eller kom innom oss på friluftsmagasinetnrkp1 på facebook.
    49 min
  • Bjørnejakt, turistforening og fjellkjedenavn...
    Helge Søfteland får prøva seg som bjørnejegar i Neiden i Finnmark og han treff ein anonym bjørnejegar som har felt to bjørnar som hadde teke husdyr. Helge snakkar og om konkurransen der den norske fjellkjeda skal gjevast navn, og det er du som bestemmer kva det skal bli på ut.no. Arnulf Møllerstad er på tur med Berit Kjøll, styreleiar i Den norske turistforening. Naturnøtt om kva bjørnen heiter på latin. Send svar til [email protected]
    45 min
  • Villaks, oppdrettslaks og Fremtiden i våre hender.
    Helge Søfteland ser på situasjonen for villaksen. Legendariske Vosso ser lys i tunnelen, men ellers i landet er det mykje mørke. Med Torfinn Evensen frå Foreningen våre lakseelver og Sveinung Sandvik frå Vestnorsk havbruk. Arnulf Møllerstad har ein førvalgs-samtale med Arlid Hermstad i Fremtiden i våre hender
    48 min
  • Revolverintervju, orienteringspadde og fiskeørn...
    Arnulf Møllerstad revolverintervjuar seg innover på Hardangervidda frå båten Fjellvåken 2 til Mogen fjellstove. Med Kristian Strand, Kristoffer Sand, Martin Hansen Just, Kjersti Wøllo, Petter Martinsen og Kristin Mediaa.
    Kari Toft snakkar med Astrid Stensløkken i Elverum om ei padde som ikkje ville flytte.
    Torunn Myhre er på kano og kajakktur i Rendalen og treff på fiskeørn i tretoppane. Med Oddvar Olsen, Marit Kveen, Karin Vik.
    46 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.