Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Solnedgang, månelys og laksefiske...
    Helge Søfteland er på jakt etter solnedgang, månelys og stillheit saman med naturfotograf Sveinung Klyve. Dei ligg ute under åpen himmel gjennom årets hittil lysaste natt.
    Arnulf Møllerstad feirar åpninga av laksefisket, med eit gjenhøyr med Lornts Mørkved og Georg Fredrik Rieber Mohn, som skreiv bok om både laksen og laksefiskarane for nokre år sidan..
    Thore Bakke frå Våle vann konkurransen om kor tung ein tiur kan bli, ny konkurranse om kor tung den største laksen som er tatt på stong her i landet var.
    43 min
  • Orreleik, tiurleik og seljefløytespikking!
    Helge Søfteland er på orreleik med Jan Eilert Pedersen i Gransherad, på tiurleik med Sveinung Klyve i Vossafjella og bygger fuglekasse med Roar Solheim i Grimstad.
    Arnulf Møllerstad spikker Seljefløyte med Eilert Kvernes i Skien.
    44 min
  • Kajakkpadling og einarma friluftsliv...
    Helge Søfteland padlar i skjergarden utanfor Stavanger saman med Kalle Eide frå Stavanger Kajakklubb.
    Arnulf Møllerstad møter Odd Helge Løvseth som mista eine armen som 20-åring, men er ivrig friluftsmann likevel.
    44 min
  • Sautso, Altaelva og ein liten insektsforskar...
    Helge Søfteland er i Sautso, den mektige canyonen som Altaelva renn gjennom, frå vidde til fjøre. Rune Somby frå Statens Naturoppsyn i Alta er guide på turen.
    Else Bjørg Finstad og den vesle insektsforskaren Sigmund Stensvold kikkar på småkryp i naturen.
    41 min
  • Ulv i Østmarka, hytter og hyttebokas forbannelse...
    Helge Søfteland er i Østmarka der Statens naturoppsyn inviterer til nattevandring i ulveskogen. Med Live Danielsen og Ida Glemminge.
    Arnulf Møllerstad får høyra meir om hyttehistorie og hyttebøker. Med Ingun Grimstad Klepp.
    Svein Pettersvoll kåserer om hyttebokas forbannelse.
    47 min
  • Hundekjøring, ørretrøyking og rypefjellet...
    Helge Søfteland får vera med når lærarar og elevar bur seg på ei åtte dagars eventyrreise på Finnmarksvidda. Elevane på hundekjøringsfaget skal no ut på årets høgdepunkt, med kvart sitt seks-spann. Med lærarane Harald Tunheim, Ole Sigleif Johansen og Åse Østvold, og elevane Karine Gjeruldsen og Maria del Carmen Omenås Kolstø. Arnulf Møllerstad lærer å røyka sjøaure saman med Bent Ask og Svein Solstad på Telemarkskysten. Arnulf får forklaringa på kvifor rypene er borte frå fjellheimen, frå rypeprofessoren Johan B Steen.
    46 min
  • Allemannsretten, sjøørretfiske og Naturvernforbundet.
    Helge Søfteland får høyra meir om allemannsretten frå seniorrådgjevar Arild Sørensen i Direktoratet for naturforvalting. Kvaslags plikter følgjer med den mange århundrer gamle retten?Arnulf Møllerstad fiskar sjøaure saman med Bent Ask og Svein Solstad på Telemarkskysten. Arnulf fortset og serien der dei ulike natur og miljøorganisasjonane får sleppa til rundt mikrofonen før valet. I dag er det Lars Haltbrekken frå Naturvernforbundet.
    47 min
  • Friluftsstudier, miljøvern og blyhaglforbod...
    Helge Søfteland besøker friluftsliv-studentar på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han får vera med på skogstur med bålfyring og lærande leiking i lia. Med Marit Svarstad Andresen, Åge Lauritzen, Vetle Øvrebotten, Vegard Mæland og Liselotte Kahrs.
    Arnulf Møllerstad er i Oslomarka med professor emeritus Sigmund Hågvar frå UMB. Han er insektsforskar og miljøvernar.
    Arnulf snakkar og med Espen Farstad frå NJFF, som vil ha omkamp om blyhaglforbodet.
    45 min
  • Polareventyrarar, ulv og ein rypeprofessor...
    Helge Søfteland møter eventyrarane Cecilie Skog og Aleksander Gamme, men får servert litt ukjende historiar frå turane deira.
    Arnulf Møllerstad treff ulvemotstandar og høgremann Gunnar Gundersen, som meiner ulven ikkje er ein trua art me treng å ta omsyn til her i landet.
    Arnulf byr og på eit gjenhøyr med rypeprofessoren Johan B. Steen, som kan fortelja at rypa et opp til 10000 bjørkekvistar om dagen for å få mat gjennom vinteren...
    48 min
  • Claus Helberg, skreifiske og drøymetur...
    Me får eit gjenhøyr med påsken 1999, då Arnulf Møllerstad var på skitur med turistforeningsentusiasten, motstandsmannen og fjellguiden Claus Helberg, den gong 80 år gamal. Helberg døydde i 2003. Kari Toft er på havet utanfor Senja, der skreien bur, og vermeldinga er meir en noko som avgjer kor påsketuren går. Den er nemlig livsviktig. Helge Søfteland møter Tommy Larsen, førstemann ut i ein ny serie på NRK1, "Drømmeturen", der vanlege turfolk kan søka om å få vera med på sin livs opplevelse med guidar og kamera på slep.
    41 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.