Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Snowboard-kjøraren som blei friluftsmann og ein geistleg miljøforkjempar...
    Helge Søfteland møter Stian Aadland som var snowboard-boms og vitlaus laussnøkjørar. Så mista han to gode kameratar i skred, og låste brettet inn i kjellaren. Friluftslivet blei vegen tilbake til livet for Stian.
    Arnulf Møllerstad møter biskopen i Tunsberg, Laila Riksaasen Dahl, som er oppteken av miljø og klima i tillegg til geistlege saker.
    Konkurransevinnar av eit par treski blei Kai Valbjør frå Vågå. Ny konkurranse om kvaslags fuglar me høyrte i bakgrunnen i Arnulf sitt innslag.
    Teaser av nye radiosoelaren.
    Teaser av ut.no sin fotopåske.
    46 min
  • Treski og vårpine i skogen...
    Helge Søfteland vitjar den einaste treskifabrikken som er att i landet. Der driv Ulf Rønning med nisjeproduksjon for skinostalgikarar. Mange tusen år med historie ligg bak skikulturen vår, faktisk er ski eit av få norske ord som er blitt internasjonalt. Helge får prøva seg både på flatmark og i hoppbakken.
    Arnulf Møllerstad er i skogen med Olav Hjeljord som er professor i vilt. Dei ser nærare på vårknipa som mange dyr no kan oppleva når vinterreservane går mot slutten. Både hjortevilt og skogsfugl vert omsnakka.
    Bertel Grong frå Allmannmoen er vinnar av konkurransen om siste verdsmeister på treski, nytt spørsmål er når Rønning treskifabrikk blei grunnlagt.
    49 min
  • Dale Oen Experience og friluftsliv mot sjukdom.
    Helge Søfteland Møter Dale Oen Experience på Hardangervidda. DOE var svømmaren Aleksander Dale Oen og broren Robin sitt prosjekt for å gje ungdom meistring gjennom naturopplevingar der dei kjenner på eigne grenser. Etter at Aleksander døydde brått i fjor, driv Robin prosjektet vidare i samme ånd. No står Grønlandskryssing for tur for fire heldige ungdommar mellom 13 og 18 år. Og treninga går føre seg på vidda.
    Mange strevar med sjukdom som lett kan føra til passivitet og lite friluftsliv. Arnulf Møllerstad møter to som begge slit med sjukdom, men som likevel nyt turlivet. Ole Jacob Bråten og kona Astrid Haukenes Bråten bur i Gjerstad i Aust-Agder. Dei går mykje på tur sommer som vinter. Han har multippel sklerose og ho har dårlig rygg med prolaps. Likevel går dei over Hardangervidda med telt og tunge sekkar.
    Arnulf snakkar og med lege Bjørn Erik Kristiansen som sjølv har parkinson, og har starta ein meistringsklinikk for kronisk sjuke. Essensen er å få folk ut og leika i naturen, kvifor sitja inne når alt håp er ute, er mottoet.
    Kjell Erik Sørum frå Storsteinnes er vinnar av konkurransen om lengda på Expedition Amundsen, nytt spørsmål er kven som vart siste verdmeister på treski.
    47 min
  • Ekspedisjon Amundsen, ulv på Langedrag, flogebinding og lakseelver...
    Helge Søfteland vitjar Kari Varberg Øydvin i Eidfjord. For fire år sidan starta ho pulkløpet, der folk gjekk frå Haukeliseter til Maurset, frå sør til nord på Hardangervidda. Ein handfull ivrige var med den gongen, i år står 150 ivrige ekstremfriluftsfolk på startstreken for å gje seg i kast med 27 sekundmeter vind, og eit terreng som Amundsen kalla for det verste han hadde vore borti, då han trente til seinare bragder og nesten omkom på 1890-talet.
    Arnulf Møllerstad i arkivopptak om ulv, med grunnleggjaren av Langedrag, Edvin Torson. Frå år 2000.
    Reporter Eirik Arnesen møter ein av landets ivrigste flogefiskarar og ikkje minst flogebindarar, Svein Røbergshagen.
    Arnulf snakkar og med Espen Farstad frå NJFF om høyringsforslaget til MD om ny lakseforvalting.
    Odd Rønne frå Åfjord er vinnar av konkurransen om Canadiske overleving i råk, nytt spørsmål er kor langt Expedition Amundsen-løpet over Hardangervidda er.
    45 min
  • Bading i råk, bålfyring på frosen ved, isfiske og Monsen.
    Helge Søfteland vitjar Forsvarets vinterskule, der han får gå gjennom ei råk og læra å få varmen i seg etterpå. Med Major Knut A. Bakke og major Arne Alexander Strand.
    Serieavslutning med Lars Monsen, Arnulf Møllerstad snakkar med eventyraren eitt år etter han kom heim frå Canada på tvers. Kva sit sterkast att etter turen?
    Arnulf Møllerstad er og på isfiske med 77 år gamle Olaf Moen frå Skien.
    Jon Nordengen på Røyse vann konkurranse om kor høg Berte Skrukkefyllhaugen var. Nytt spørsmål om kor lenge ein kan overleva fastfrosen på råk-kanten ifølgje det Canadiske forsvaret…?
    48 min
  • Naturpanel, meir ulv og ei kul Berte...
    Helge Søfteland er i Rosendal i Hardanger der nyvalt styremedlem i FN sitt naturepanel, Ivar Baste, held til. Han og panelet skal no sjå etter det biologiske mangfaldet i verda, ein jobb som omfattar, vel, nesten alt. Dei skal og sørga for at verdas toppleiarar får rett og god natur og miljøforsking på sine bord. Korleis får ein til det?
    Ulvedebatten held fram med Arnulf Møllerstad. Han har møtt forskar Ketil Skogen som har funne ut at den oppheita striden om ulven her i landet i stor grad skuldast dei omfattande samfunnsendringane vi har hatt mellom by og land dei siste ti-åra. Bygdefolk føler seg ofte overkjørt av folk med utdanning og makt i byane.
    Lars Monsen i arkivopptak frå 2002, der han fortel om siste del av Canada på tvers.
    Grete Østerås fortel om Berte Skrukkefyllhaugen, den siste fastbuande i Vassfaret.
    58 min
  • Leirskulebesøk i Vassfaret og ulvedebatt frå Telemark...
    Helge Søfteland besøker Vassfaret leirskule, der meir enn femti tusen elevar har boltra seg sidan tidleg på femtitalet. No har dei besøk av elevar frå Sandefjord, for siste gong. Leirskuleopphaldet er ute av kommuneplanen, men elevane frydar seg i fjellet. Med Grete Østerås, leirskuleeigar, og lærar Geir Stillingen.
    Ulvedebatt med Arnulf Møllerstad. Stein Lier Hansen kallar ulvejakta i Telemark sirkus, Espen Farstad frå NJFF meiner det var heilt ok jakt. Kva syns du…?
    50 min
  • Ut med ungane, ein varm Monsen og gaupeprat.
    Helge Søfteland er på tur i Bergensfjella med Einar Grieg, tidlegare turlagsleiar som no jobbar med tilrettelegging av idretts og friluftsaktivitetar hjå fylkeskommunen i Hordaland. Korleis får ein ungane ut, og kvofor er det godt for dei?
    Lars Monsen om skogbrannar i Canada under turen hans på tvers for ti år sidan. Intervjuar er Else Bjørg Finstad.
    Arnulf Møllerstad snakkar med Reidar Andersen (den gong tilsett på NINA) om gaupe. Arkivopptak frå 1997.
    Helge Søfteland er på trilletur med Bergen Turlag si trilleturgruppe, saman med barne og ungdomsansvarleg i turlaget, Stian Hovind Angermund og trilleturgeneral Elisabeth Eide.
    46 min
  • Friluftsfyr, ulv og ti meters anstand...
    Helge Søfteland møter Henry Tendenes, styreleiar i Friluftsrådenes landsforening. Ved og i toppen av Friluftsfyret på Kvassheim får Helge veta at millionar kan spara milliardar om friluftslivet vert prioritert før helsevesenet må inn og operera på oss...
    Arnulf Møllerstad snakkar om ulv med Espen Marker frå SNO, og i arkivopptak med Petter Wabakken frå Høgskulen i Hedmark.
    Lars Monsen om då han nesten fraus i hjel under Canada på tvers. 80 effektive minusgrader burde halda for dei fleste...
    Me treffer Helga og Roald Bergsaker, turgåarar langs strendene på Kvassheim. Kvifor går kallen alltid ti meter framfor kona, tru...?
    46 min
  • Skredredning, den norske fjellkjeda og greenpeace...
    Helge Søfteland lærer meir om skredredning i Hemsedal, han får vita meir om konkurransen til ut.no som skal namnesetja den norske fjellkjeda og får høyra at vegboka til NAF no skal få ein friluftsdel.
    Arnulf Møllerstad møter Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace.
    48 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.