Me testar friluftshobbyar her i magasinet, og begynner i dag med det friluftigaste av alt, nemleg fallskjermhopping. Kjell Svanes er skipper, eller hoppleiar for dei nyaste håpefulle.
Me får vera med Arnulf Møllerstad til Rago, nasjonalparken på svenskegrensa, som strekker seg austover og blir til Padjelanta og Sarek. Med Trygve Næss, fhv. fylkessekretær i Nordland NJFF.
I dag skal me og få fisk på kroken i Hallingdal, der Holselva på kort tid har blitt til ein hellig gral for pasjonerte ørretfiskarar, på grunn av nokon enkle tiltak som kanskje kan vera eksempel til etterfølgelse for andre vassdrag. Reporter Eirik Arnesen møter kjentmann Trond Andersson.
I dag begynner me i det små, eller rettare sagt med dei små på store turar. Kari Toft har lurt seg med når barnehagen skal på topptur. Med pedagogisk leiar Morten Lenes frå Ottershagen gardsbarnehage og Berit Bjørkholen, styrar i Klingen barnehage.