Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Havfiske, bærplukk og sauesank!
    Helge Søfteland er sjøsjuk medarbeidar på EM i havfiske på Tananger i Rogaland. Proff-fiskarane Petter Skudal og John Olav Florø-Larsen forklarer og skrøner.
    Arnulf Møllerstad plukkar haustens bær med Jan Erik Tangen og Bent Ask. Arnulf er og på saueslepp med bonde og turistvert Tor Olav Røisgard.
    42 min
  • Jotunheimen, miljøvernministeren og krøklefiske.
    Helge Søfteland får veta meir om Jotunheimen i nasjonalparkserien. Naturvegleiar Dag Inge Bakke frå Fjellmuseet i Lom fortel om tidlegturisme, dyre og planteliv, og legendene i Jotunheimen.
    Den nye miljøvernministeren frå SV, Bård Vegard Solhjell hadde ikkje sete i stolen mange dagane før han la fram den omstridte klimameldinga. Dette er utgangspunktet for debatt i Friluftsmagasinet mellom Solhjell og Pål Thygesen fra Grønn Ungdom. Arnulf Møllerstad går imellom når det trengst…
    Når bjørka har fått lauv så store som museøyre, ja då skjer det spennande saker midt på natta på nokon få utvalgte stader i Mjøsa. Då kjem nemlig den vesle og livsviktige krøkla inn mot land. Kari Toft var ved mjøskanten og venta på den ei vårnatt. Med Kjetil Rolseth og Kjetil Rukan.
    45 min
  • Gjeddefiske og elektrisk fiskegjerde.
    Helge Søfteland har aldri fiska gjedde, men får gjeddegaranti frå Espen Farstad i NJFF. Garantien held, og attpåtil får han friluftsstekt gjeddekebab og mykje info om denne fascinerande fisken på kjøpet, mens dei fiskar seg rundt på Steinsfjorden.
    Arnulf Møllerstad er i Telemarkskanalen, der sei absolutt ikkje vil ha gjedda vidare oppover i vassdraget. Difor har dei installert elektrisk fiskesperre. Prosjektleiar Jan Petter Enger viser rundt.
    42 min
  • Istunnel, fjellmuseum og galen tiur...
    Helge Søfteland er med og grev ut ein istunnel i Juvfonne oppunder Galdhøpiggen. Denne kunnskapens tunnel skal gje oss meir informasjon om klimaendringane i høgfjellet. Med naturvegleiar Dag Inge Bakke.
    Helge vitjar og fjellmuseet i Lom, der dagleg leiar Mai Bakken har tre nasjonalparkar å halda styr på, og ein skapning på fire meter og seks tonn i utstillinga.
    Me høyrer eit arkivopptak der Arnulf Møllerstad blir fortalt om en galen tiur som Karsten Edvardsen traff på Finnmarksvidda.
    Verdens første miljøvernminister, Olav Gjærevoll fortel om dei første ministerutfordringane i arkivsamtale med Svein Nic Nordberg.
    47 min
  • Naturfototips, kuldemedisin og trøffeljakt...
    Helge Søfteland får naturfoto-tips frå fotograf Tpor Egil Kvalnes, som tek han med til sitt favorittlandskal i traktene kring Sjunkhatten nasjonalpark. I dei vakre og trolske omgivelsane står motiva i kø…
    HS vitjar anestesilege Øyvind Thomassen hjå luftambulansen i Bergen, som kan fortelja at om det vert varmare i veret, så er det likevel livsfarleg kaldt på våre breiddegrader om ulukka skulle vera ute…
    Kari Toft jaktar på trøflar saman med Anne Molia og den trøffelsnusande hunden Lello.
    48 min
  • Rovdyrdebatt, isgrotte og turtips
    Arnulf Møllerstad debatterer rovdyr med Nina Jensen frå WWF og Nils Solberg frå Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk.
    Helge Søfteland snakkar med seksjonssjef rovvilt i Statens naturoppsyn, Kjartan Knutsen, om uttak av rovdyr.
    Kari Toft blir vist rundt i ei isgrotte på Longyearbreen av guide Tore Hoem.
    Turtips frå ut.no
    38 min
  • 210412: Smarte gjess og ei 100 år ung dame...
    Kortnebbgåsa er slett ikkje dum som ei gås, kan gåseforskar ved NINA, Ingunn Tombre fortelja. No har ho samla 70 kolleger frå heile Europa for å diskutera forvaltning av desse store trekkfuglane, som overvintrar på kontinentet, men følgjer spiringa nordover heilt til Svalbard, for å gjera unna hekkinga. På vegen møter dei frustrerte bønder som ser avlinga forsvinna i gåsemagen, og nokre ivrige jegarar som vil ha gås i magen.  Reporter Helge Søfteland.
    Arnulf Møllerstad møter snart 100 år unge Else Getz Hansen frå Rjukan. Der følgjer ho kvart år våren si forvandling av fjellsidene rundt tettstaden, og om kroppen skrantar litt så er hovudet endå klart, noko Arnulf får merka når Else gjer han merksam på at han kanskje kunne trenga litt trening…
    44 min
  • 140412: Fuglekassebygging, 9-årig fugleekspert og revefangst
    Fuglekassebygging med ornitolog Roar Solheim i Grimstad. Reporter helge Søfteland.
    Skogtur med fuglelytting. Arkivopptak frå 2001, med reporter Else Bjørg Finstad og 9 år gamle Sigmund Stensvold.
    Innslag om kvifor enkelte fugleartar svingar voldsomt i antal frå år til år. Med Roar Solheim og Helge Søfteland.
    Kari Toft vitjar revefangar Guri Tveito i Sassendalen på Svalbard.
    Mellomstikk om spettmeisen Petter, som lyttar Line Birgitte Holsen har skrive inn om.
    Dikt om Spettmeis, med og av Jan Eilert Pedersen.
    40 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.