Friluftsmagasinet

Friluftsmagasinet

By NRK
Download on the App Store

Friluftsmagasinet episodes

  • Lær meir om snøskred, mimra med Lars Monsen og om villrein i sør.
    Helge Søfteland er i Hemsedal der det har vore nokre fatale skredulukker siste tida. Han er med skipatruljen og ein skredekspert inn i det farlege området for å sjå nærare på snøen. Med Per Ola Seim, leiar i skipatruljen, og Kjetil Brattlien, skredekspert frå NGI.
    Lars Monsen fortel i arkivopptak om det første året av Canada på tvers-ekspedisjonen.
    Arnulf Møllerstad og viltforvaltar Tor Punsvik fortel meir om villreinen i Setesdal/Ryfylke.
    51 min
  • Vinterpadling, rypesesongen og ein ung Lars Monsen...
    Helge Søfteland er i ein islagt indre Oslofjord der Per Roger Lauritzen har invitert på vinterpadling i kajakk, og meiner det kan vera vel så fint som å padla sommarstid. Dei to må leika isbrytarar innover i småbuktene, og får hjelp av ein taubåt eit stykke på vegen. Naturopplevelsen er mektig og vinterlyset vakkert.
    I januar år 2000 samla Arnulf Møllerstad ein gjeng friluftsinteresserte for å sjå inn i det nye årtusenet. Blant desse var ein ung Lars Monsen som førebudde seg til ekspedisjonen Canada på tvers på tre år. Monsen fortel litt om førebuinga og forventningane til turen i dette arkivopptaket, som er det første av ein serie gjenhøyr frå ekspedisjonen.
    Arnulf Møllerstad fortset serien om natur i sør og snakkar om ein elendig rypesesong saman med viltforvaltar Tor Punsvik i Vest Agder.
    36 min
  • Årskavalkade 2012
    Me mimrar litt frå året som har gått. Det blir gjenhøyr med ein tankefull samtale melllom Arnulf og Øystein Dahle, medan Helge fiskar gjedde, syklar ned fjell og skremmer hjort...!
    Arnulf har og ein prat om vindkraft saman med Tor Punsvik, i deira serie om natur i sør.
    52 min
  • Svukuriset, Femundsmarka og hubro...
    Helge Søfteland vitjar Leela Guenin og Cato Madvig, nyslåtte turistvertar på Svukuriset ved Femunden. Her i ei av våre siste villmarker ligg ei tradisjonsrik turisthytte der dei nye vertane tjuvstartar sesongen med nyttårsfeiring for 40 heldige som får oppleva nyttårsbål og lokalmat under open himmel. Seinare i vinter kan gjestane få læra seg å kjøra hundespann og kikka på Femundløpet.
    Me fortset serien om Natur i Sør der Arnulf Møllerstad og viltforvalter hjå Fylkesmannen i Vest-Agsder Tor Punsvik vandrar frå lakseelv til villreinfjell. I dag handlar det om rovfuglar - ikkje minst hubro som er sterkt trua av kraftmaster. Men dei to snakker og om både ørn og falk. Sørlandet er nemlig ein landsdel rik på rovfuglar.
    Me får vinnaren av konkurransen om det handsmidde knivbladet. Frode Wallin frå Stavanger var den heldige. Ny konkurranse der spørsmålet er kor langt 12-spanna spring under Femundløpet?
    47 min
  • Me feirer tollekniven!
    Me feirer dei friluftsglades beste ven, kniven, i magasinet denne gongen.
    Arnulf Møllerstad snakkar om kniv i lag med Øystein Køhn, kniventusiast og redaktør i knivbladet.
    Helge Søfteland er i Meland i Hordaland og smir Friluftsmagasinet sin eigen kniv i smia til Peder Dale. Trond Pedersen er smed for dagen, medan formann Lars Tveit i Norsk Knivforening fortel om tollekniven sin historie. Knivbladet som vert smidd blir premie til ein lyttar som har høyrt ekstra godt etter i programmet…
    Kari Toft er på radiopeiling av fjellryper saman med forskar Erlend Nilsen. Oppspark til naturleg heilaften på TV.
    Arnulf Møllerstad fortset serien om natur i sør og snakkar ulovleg importerte og innvandra dyr med viltforvaltar Tor Punsvik i Vest Agder.
    47 min
  • Rondane sin 50-års dag og ulven på Sørlandet.
    Helge Søfteland er i Rondane og feirer fødselsdagen til vår første nasjonalpark, som fyller 50 år i desse dagar. Oppsynsmann Finn Bjormyr og turistvert Roar Skaugen fortel om parken.
    Arnulf Møllerstad fortset serien om natur i sør og snakkar om ulv og sau saman med viltforvaltar Tor Punsvik i Vest Agder.
    46 min
  • Namsskogan rovdyrsenter og pelsjeger Opdahl...
    Helge Søfteland vitjar det nyåpna rovdyrsenteret i Namsskogan. Der viste Anne Folstad Hagen rundt blant dei fire store rovdyra.
    Arnulf Møllerstad møter pelsjegegaren Jon Sivert Opdahl, som er ute med si fjortande bok, Håndbok for ein pelsjeger.
    39 min
  • Østmark og jervejakt.
    Helge Søfteland får omvisning i Oslos Østmark av Even Saugstad, markapatriot og hyttevert på Sandbakken, ei av Østmarkstovene. Han har med ei fersk utgåve av boka si, Østmarka frå A til Å.
    Arnulf Møllerstad er i Nordland, eit av landets største jervefylker. Han får treffa forvaltarar, sauebonden og jegaren. Med Øyvind Skogstad hjå Fylkesmannen i Nordland, jegar Stein Halvorsen og sauebonde Elin Bakken.
    47 min

About Friluftsmagasinet

From the publisher's feed

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.