Vi går turen til Haugesund turistforeining si nybygde Olalia fjellstove i fjella nord i Rogaland. Den populære turisthytta vart opphavleg bygd i 1939, men er no totalt bygd om. Ny grusveg heilt fram gjer det mogleg å nå hytta med både barnevogn og rullestol, og hytta er også nominert i kategorien «Barnas favoritt» i den store hyttekonkurransen til nettsida UT.no.
I tillegg blir det reportasje om fang og slepp-metoden, eller catch and release, som blir mykje brukt blant sportsfiskarar. Men kvifor slepp dei utatt fisken i staden for å ete den? Og korleis har det gått med Miljøpartiet Dei Grøne sin representant Rasmus Hansson etter eitt år på Stortinget? Kva er oppnådd, og kva utfordringar har vi innan klima og miljø?