Heilt Sjef!

Heilt Sjef!

By Suldal Vekst ASBusiness
Download on the App Store

Heilt Sjef! episodes

  • Sparringspartneren om miljøleiing, bygdeliv og gründerskap

    Odd Åge og Elisabeth i Sparringspartneren byggjer stein på stein og er på full fart inn i framtida. Me snakkar om miljøleiing og miljøfyrtårn og eit

    næringsliv med fokus på forbetringsarbeid og det grøne skiftet. Om kva som skal
    til for å byggje gode lag i ei nystarta bedrift og om at du ikkje treng å dra
    til storbyen for å få spennande jobbar og ansvar.

    24 min
  • Du grøne glitrande….

    Ryfylke har mange juletreprodusentar, og me tatt praten med ein av dei: Lena Nergård frå Myhre Juletregard og Norsk Juletreservice.

    Ho og ektemann, Jan Magne Myhre, tenkjer meir eller mindre på jul heile året. Til slutt er juletrea å finne i heimar over heile landet, i Danmark, Tyskland, England og Nederland. Korleis er det å vere juletreprodusent der handelen skjer i løpet av nokre få veker kvart år?

    29 min
  • Kraftverkssjefen

    Me har møtt Bjørn Sandvik, kraftverkssjef for Noregs og Nord-Europas største vasskraftanlegg, Ulla Førre.

    Bjørn deler frå reisa si frå Erfjord, ut i verda og tilbake til heimbygda, me får eit innblikk i drifta ved kraftverket i Suldal og det blir også tid til å ta opp nokre av dei større kraftspørsmåla som ein står ovanfor i dag.

    34 min
  • Den beste røykelaksen kjem frå Ryfylke!

    Astrid og Mikal Viga i Mikals Laks AS har i over 20 år produsert røykelaks på Skiftun i Hjelmeland. Kvalitetsprodukta deira har i årevis blitt kåra til Noregs beste! Mikal og dotter Maren deler suksessoppskrifta med oss og snakkar om tradisjonar, unike råvarer og oppskrifter, godt handverk, kunnskap, kjærleik og ein ganske stor dose galskap.

    33 min
  • Erik og Amelie Aldner

    Møt Erik og Amelie Aldner som har tatt med seg jobbane sine og flytta frå storbyen til bygda. Den eine halvdelen er ein prisvinnande mezzosopran med suksess på operascenen – den andre er ein dyktig saksofonist, dirigent, komponist, gründer og forretningsutviklar for eit nyskapande møbelkonsept.

    36 min
  • Kraft i samarbeid - Møt Suldalsalliansen

    Reiselivsaktørane Ryfylke Fjordhotel og Basecamp, Mo Laksegard og Energihotellet spissar samarbeidet sitt innanfor aktivitetsutvikling. Med full fokus på samarbeid og berekraft styrkar dei no aktivitetsmenyen for gjester og fastbuande. 

    32 min

About Heilt Sjef!

From the publisher's feed

Velkommen til Heilt Sjef!