
Sign up to save your podcasts
Or


Silje Sværen, Solveig Bog og Sven Gil Westersjø fortel om korleis revysketsjar har samla folk på Jøsneset. Morten har vore på Helgøy, og drøsa med Jon Arne Helgøy; den pensjonerte skyssbåt-skipperen som har fylt fjordane med humor, humør og historier i over førti år. I studio har me fått besøk av Jan Arne Hansen, som i vaksen alder har våga seg opp på standup-scenen.
Meir informasjon, og knappar for å abonnera på podkasten, finn du på HerligeHjelmeland.no
Me blir betre kjende med Eventyrskogen, næringseventyret i Hjelmeland og eventyrar Karen Malena Kyllesø.
Meir informasjon, og knappar for å abonnera på podkasten, finn du på HerligeHjelmeland.no
Roger og Morten evaluerer valresultatet, og legg ein ny plan. Herlige Hjelmeland: Ut med det visne, inn med noko nytt.
Roger og Morten er klare for fire nye år i lokalpolitikken, men må først gjera noko med ryktet sitt som "livsfjerne svermarar". Programleiarane sin kompis, og tidlegare lokalavis-journalist, Magnar Riveland, blir med i samtalen og stiller dei kritiske spørsmåla. Herlige Hjelmeland: Rutsjebanar.
Gjest: Magnar Riveland
Roger og Morten ser tilbake på dei siste fire åra, og oppsummerer korleis MDG har bidratt i lokalpolitikken i Hjelmeland. Dagens gjest – Alexander Rügert-Raustein – blir med i samtalen, og gjer opp rekneskapen etter dei siste fire åra som fylkestingsrepresentant og folkevald i Randaberg. Herlige Hjelmeland: Folk i fjellet.
Gjest: Alexander Rügert-Raustein
Roger har fleire planar for sommarferien enn han har tid til å gjennomføra, medan Morten er vemodig etter å ha sendt 10. klassingane sine vidare i livet. Du får vita kva MDG Hjelmeland om bompengar, jordvern, arbeidsplassar, kraftutbygging i verna vassdrag, hyttebygging og mykje meir. Herlige Hjelmeland: Lokale ord og uttrykk.
Roger har kost seg med å spela i Pilt-Ola-spelet på Bakken gard, medan Morten gler seg til å samla den lokale MDG-gjengen for å laga valprogram for perioden 2023–2027. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om vindkraftutbygging, fleksibelt barnehageopptak, støtte til frivillige lag og organisasjonar, næringsutvikling, eigedomsskatt, Burmavegen og mykje meir. Herlige Hjelmeland: Lineus longissimus.
Morten har fått fagleg påfyll på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, medan Roger skal studera prinsippet om «barnets beste» for å få mastergrad i barnevern. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om konsesjonskraftinntekter, regulering av bygging eller fri flyt, næring eller landbruk på Svadberg, vern av natur, samt støtte til sauefjøs. Herlige Hjelmeland: Syrisk middag og pipefunksjon.
Morten har begynt å skriva to nye manus, og Roger held på å øva inn eit heilt anna manus. Du får vita kva MDG Hjelmeland meiner om barneskular, Burmavegen, kommunestruktur, gratis barnehagar, samt eigarskap til vass- og avløpsanlegg. Herlige Hjelmeland: Kombinasjonsdrift i næringslivet.
From the publisher's feed