
Sign up to save your podcasts
Or


I Bibelen møter vi leirkar i mange ulike forteljingar. Krukka med mjøl og olje hos enkja i Sarepta, vasskrukka til kvinna ved brønnen og leira i hendene på pottemakaren. Gjennom desse forteljingane får vi sjå noko av Guds omsorg, kraft og vilje til å forme menneske.
Vi møter ein Gud som aldri går tom for kjærleik, som tilbyr oss det levande vatnet, og som ønskjer å forme livet vårt. Men vi møter òg menneske med feil, nederlag og sår.
Den japanske kunstforma Kintsugi handlar om å reparere knust keramikk med lim blanda med gullstøv. I staden for å skjule sprekkene, framhevar ein dei. Det som har vore knust, får ny verdi og blir vakkert på ein ny måte.
Slik er det òg med oss. Vi har alle våre sprekker og sår. Men Jesus møter oss akkurat slik vi er. Han tek imot oss, elskar oss og kan bruke livet vårt – også det som er sårbart og ufullkome.
Vi er verdifulle for Gud, ikkje på grunn av alt vi får til, men på tross av sprekkene våre.
Kva betyr det at Guds rike er kome nær?
Med utgangspunkt i Markus 6 talar Svein Bjarne Aase om oppdraget Jesus har gitt oss: å forkynne evangeliet, vise omsorg for menneske og vere Jesu hender og føter i kvardagen.
Han løftar også fram at det å følgje Jesus kan koste, men at Gud er nær også midt i motgang og liding.
I talen på 150-årsjubileet for ImF Stord tek Jarle Haugland utgangspunkt i Jesu likning om såmannen. Korleis kan vi forvalta arven frå pionerane? Skal vi byggja monument over det som var, eller våga å bryta nytt land?
Med Guds ord som utgangspunkt peikar Haugland på at målet med kristenlivet er å bera frukt. Gjennom Den heilage ande har Guds ord kraft til å skapa vekst og nytt liv. Samstundes utfordrar han oss til å undersøka kva som hindrar frøet i å slå rot: vantru, sår, overflatiskheit, distraksjonar og eit liv fylt av bekymringar og velstand.
Talen er ei oppmoding til å stå rotfesta i Guds ord, ta vare på trua og la kjærleik, glede, fred og godleik prega livet vårt. Historia gir oss grunn til takksemd, men også inspirasjon og håp for framtida. Så lenge Den heilage ande er verksam, kan det framleis bli vekking og vekst.
Runar Landro har gjennom nesten 48 år i kristen teneste sett både sunne og usunne sider ved leiarskap i kristne fellesskap. I eit seminar om kristent leiarskap peika han på behovet for tydelege rammer, leiarar med god karakter og eit sterkare bibelsk fundament.
Det er alltid nokon som leier, anten dei er valde til oppgåva eller tek leiarskap på eige initiativ. Spørsmålet er kva slags leiarskap vi ønskjer i dei kristne fellesskapa våre.
Gjennom konkrete historier og bibelske perspektiv viste Landro korleis usunt leiarskap kan skade eit fellesskap, men òg korleis gode leiarar kan leggje til rette for vekst, tryggleik og teneste.
Hilde og Simen kjende på eit kall om å reisa på misjonstur, men visste ikkje kvar dei skulle dra eller kva som venta dei. Gjennom bøn, uventa møte og praktisk hjelp fekk dei oppleva korleis Gud opna dører i ein liten landsby i Romania. Her fekk dei dela ut mat, be for menneske i vanskelege livssituasjonar og erfara at Gud ser kvar enkelt. Ei sterk forteljing om å lytta til Gud, våga å ta steg i tru og oppdaga gleda ved å gå dit han kallar.
Jesus set ein høg standard: Vi skal ikkje berre passe på det vi gjer, men også det som skjer i hjartet. Sinne, bitterheit og konfliktar kan få store konsekvensar.
I denne talen tek forkynnaren utgangspunkt i Matteus 5 og utfordrar oss til å gjere opp med menneske vi har noko uoppgjort med. Samtidig peikar han på noko endå større: Vi kan aldri gjere opp all vår skuld sjølve. Difor treng vi Jesus – han som stryk ut gjelda vår og gir oss eit liv i tilgiving og nåde.
Med personlege historier, humor og alvor blir dette ei sterk påminning om kva evangeliet eigentleg handlar om: Vi fortener det ikkje, men Jesus har gjort opp for oss.
Kva er eigentleg Guds rike – og kva betyr det for oss i kvardagen? I denne talen tek Torstein Fosse oss med gjennom Markus 4 og Jesu ligningar om såmannen, frøet og sennepsfrøet.
Vi ser på Guds rike som Guds kongeherredømme, og på spenninga mellom at riket allereie er kome med Jesus, samtidig som vi ventar på at det ein dag skal kome fullt og heilt. Men korleis veks Guds rike medan vi ventar?
Talen handlar om evangeliet, Guds ord, misjon og vår rolle som kristne. Vi blir utfordra til å vere god jord, så Guds ord og vere til velsigning for menneska rundt oss.
Eit viktig spørsmål står igjen: Korleis kan Guds rike få vekse gjennom ditt liv?
Jesus forkynner at Guds rike er kommet nær. Men hva slags konge er han?I Mark 1:16–2:17 ser vi hvem Jesus kaller, hvilken myndighet han har, og hva han bruker makten sin til. Han setter fri, helbreder, renser og tilgir. Og etter hvert blir det tydelig hvor denne kongsmakten fører ham: til korset, der Menneskesønnen gir sitt liv som løsepenge for mange.En tale om kongens makt, medfølelse og kall: «Følg meg.»
Kva skjer når Guds lys får sleppe inn i dei romma av livet vi helst vil halde skjult? I denne personlege og utfordrande talen blir vi tekne med tilbake til bedehustradisjonen og det enkle, men kraftfulle evangeliet om synd, nåde og tilgjeving. Med eigne erfaringar, sterke forteljingar og bibelske perspektiv peikar talaren på den same vegen som alltid har vore kristenlivet sitt fundament: å kome til Jesus slik vi er, ta imot tilgjeving og leve i nær fellesskap med Han. Ei varm oppmoding til å la Guds nåde forme både hjartet, kvardagen og livet med Gud.
Talen tar utgangspunkt i Markus 1,1–15 og viser hvordan Jesus blir presentert som Guds Sønn og den lovede kongen.
Med Jesus er Guds rike kommet nær. Evangeliet er først og fremst kunngjøringen om hva Gud har gjort, og kaller oss til å vende om og tro.
From the publisher's feed