Imf Stord

Imf Stord

Download on the App Store

Imf Stord episodes

  • Ingvald Andre Kårbø - Kvile

    I denne talen tek vi eit «flyfoto» over Bibelen for å sjå den lange linja om kvile – frå skapinga, gjennom syndefallet og fram til frelsa og den evige nyskapinga.

    Vi får sjå korleis Gud sjølv kvilte, kva det betyr at vi er skapte til kvile, og kvifor kvile har vorte så vanskeleg i ei verd prega av uro og prestasjonspress.

    Samtidig peikar talen på den djupaste kvila: evangeliets kvile i Jesus – ei kvile for sjela her og no, og ei fullkomen kvile som ventar for Guds folk. Ei oppmuntring til å løfte blikket, finne ro hos Gud – og halde fast på håpet om den kvila som kjem.

    29 min
  • To konger - tre valg

    Var det eigentleg tre vismenn?
    Talen tek oss med bak juletradisjonane og inn i Matteus 2, der vi møter to kongar, tre måtar å respondere på – og eit avgjerande spørsmål: Kven er konge i livet ditt? Jesus blir løfta fram som den sanne kongen, for alle.

    28 min
  • Edvard Thormodsæter – Å høyre til – hos Gud og med kvarandre

    Kvifor skal vi eigentleg høyre til i eit kristent fellesskap når vi kan finne gode miljø i idrettslag, organisasjonar og andre plassar?

    I denne talen får du høyre om kva som gjer kyrkja unik: bekjennelsen av Jesus som Messias, at kyrkja er Guds verk – ikkje vårt, og at ho forvaltar nådemidla gjennom ordet, dåpen og nattverden.

    Talen løftar òg fram korleis fellesskap formar oss, kvifor vi treng kvarandre for å bli meir like Jesus, og at vi er kalla ikkje berre til å gå i kyrkja, men til å vere kyrkja – sendt ut i verda med håp, lys og forsoning.

    38 min
  • Cathrine Fosse - Gud hadde ein plan

    I denne talen får me høyra historia om Josef – frå favorittsonen som blei svikta av brørne sine, til slaven som Gud forma og brukte til å berga liv.

    Gjennom kriser, prøvingar og urett ser me korleis Gud hadde ein plan heile vegen, og korleis alt tente til det gode. Talen minner oss om at Gud også formar oss gjennom livet, og at me kan leva i tilgjeving fordi Jesus først har tilgitt oss.

    39 min
  • «Rettferdiggjort i Kristus – vår sanne identitet» - Ingvild Løklingholm

    Kva betyr det eigentleg å vere rettferdiggjort? Og korleis påverkar det identiteten vår i Kristus?
    I denne talen til Ingvild Løklingholm får du høyre om evangeliet som Guds kraft til frelse, illustrert med sterke bilete på kva Jesus har gjort for oss. Gjennom Bibelens ord blir vi minna om at vi er tilgitt, sett fri og kalla til å leve som nye skapningar i Kristus.

    Dette er ei påminning om at vår verdi ikkje ligg i kor godt vi meistrar kristenlivet, men i kva Jesus allereie har gjort – og at vi i Han er elska, rettferdiggjort og utvalde.



    29 min

About Imf Stord

From the publisher's feed

Velkommen til Imf Stord