Bakteppet

Krigsdebatt - Krigens vondskap


Listen Later

Ein debatt om krigens vondskap. I panelet: Hans Fredrik Dahl og Arne Johan Vetlesen. Opptaket er gjort under den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda der det er ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong.«Jeg er uskyldig» var dei siste orda Vidkun Quisling sa før han blir avretta 24. oktober 1945. Partiføraren i Nasjonal Samling var viss på at han ville dø martyrdøden – som eit offer i ei høgare politisk-religiøs saks teneste. Om ein handlar i god tru, kan det da vere vondskap? Og er det riktig å tilgje menneske som gjer forferdelege gjerningar?Hans Fredrik Dahl er historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har brei kjennskap til andre verdskrigen, og har skrive biografien om Quisling. I tillegg har han skrive om den norske nasjonalsosialismen, og boka Norsk krigsleksikon.Arne Johan Vetlesen er filosof og professor ved Universitetet i Oslo. Han har mellom anna gitt ut boka Studier av ondskap der han tek for seg omgrepet vondskap med utgangspunkt i terroristen Anders Behring Breivik.Samtaleleiar: Eirik Veum, journalist tilsett i NRK. Han har skrive bokserien Nådeløse nordmenn, om Statspolitiet, Hirden og Gestapo, på Kagge forlag.Les meir om framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/andre-verdskrigen-natt-verda/

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

BakteppetBy Det Norske Teatret


More shows like Bakteppet

View all
Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

9 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

14 Listeners

Vinkjelleren by Finansavisen & Vinify

Vinkjelleren

1 Listeners

TV 2 - Spiss Vinkel by TV 2 og Moderne Media

TV 2 - Spiss Vinkel

5 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Bauer Media

Det Store Bildet

11 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

16 Listeners

Vinforum podkast by Vinforum

Vinforum podkast

0 Listeners