Språkoppdraget

Lars Petter Sveen om frykta for å stamme og lysta til å snakke


Listen Later

Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det andre han tenkte var: «No har frykta for å stamme gått for langt.»Han bestemte seg for å ta tak i stamminga si. Resultatet har blitt boka Kunsten å stamme – utan at noen merker det. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Lars Petter Sveen om korleis han i 40 år hatt gått omvegar i språket og i livet for å skjule at han stammar, og korleis frykta for å stamme har påverka kroppen, ordforrådet, dialekta, skriftspråket og yrkesvalet hans. Og kva gjer ein forfattar når han er redd for å seie ordet litteratur høgt?Vi snakkar også om kor vanskeleg det er å gå frå å vere romanforfattar med full kontroll over romankarakterane sine, til å skrive ein sakprosa med seg sjølv og familiemedlemmar i hovudrollene, om kvifor nynorskbrukaren Lars Petter bytte til bokmål når han skulle skrive bok om seg sjølv, og om kor viktig det er å finne den gode stemma for å skrive god litteratur.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

SpråkoppdragetBy Det Norske Teatret


More shows like Språkoppdraget

View all
Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

99 Listeners

Nesten hele uka med Lepperød by Vrang Produksjon

Nesten hele uka med Lepperød

10 Listeners