Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i
... moreBy Det Norske Teatret
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i
... moreThe podcast currently has 38 episodes available.
I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983.
Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle utan tekst, og kvifor synest Gina det er viktig å spele teater for barn?
Vi snakkar sjølvsagt også om nynorsk, om dei vestlandske røtene og kven Gina trur ho ville vore om ho vaks opp på Vestlandet. Kva var det som gjorde at Gina melde seg inn i Norsk Målungdom da ho gjekk på Oslo katedralskole, kva gjer at ein tekst festar seg og kvifor nokre tekstar er vanskeleg å lære seg, og kva var det som skjedde den gongen ho skjønte at ho skulle drive med teater?
Denne hausten svingar Gina også samuraisverdet og snakkar flytande japansk på TV. Eller gjer ho eigentleg det? Ho tar oss med inn i universet til gamaren Ida, hovudrolla som ho speler i NRK-serien Dates in real life, og fortel om korleis ho førebudde seg til rolla. Vi snakkar om forskjellane mellom TV og teater, og om korleis det er å spele ein ekte person. Neste år kjem nemleg serien Harald og Sonja, der Gina speler sjølvaste Sonja Haraldsen, i dag meir kjent som dronning Sonja. Det kan også hende du får eit glimt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge i denne episoden og ei avsløring om den aller første rolla Gina hadde på TV. Stikkord: JUL! Høyr meir om det i Språkoppdraget.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige korps. Han er fløytist, pianist og jurist, men er mest kjent som nestleiar i Venstre, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd.
I denne episoden av Språkoppdraget tek Sveinung Rotevatn oss med bak kulissane i politikken og inn i maktas korridorar. Korleis er det eigentleg å vere profesjonell kranglar og korleis er forholdet mellom politikarane utanfor Dagsnytt 18-studioet? Blir ein opposisjonspolitikarar nokon gong lei av å vere kritisk til regjeringa og kva gjer politikken med språket ditt? Vi får eit krasjkurs i parlamentarisk språk, og blir faktisk nøydde til å klubbe gjesten for uparlamentarisk språkbruk.
Rotevatn, som er nybakt luteigar i Det Norske Teatret og leiar i Løvebakken mållag, fortel om kvifor han har foreslått å få norsk språk inn i Grunnlova, om kvifor det ikkje står noko om språk der frå før og kva han meiner er godt jusspråk. Han snakkar også ut om si største dialektfrykt, om kvifor det er lurt å komme frå Vestlandet om du skal bli god i engelsk og kvifor han aldri har vurdert å skifte frå nynorsk til bokmål. Vi er også innom kvifor det er lurt å gi bort medlemsskap i Grand Prix-klubben i dåpsgåve og om han var fornøgd eller misfornøgd med å ryke først ut av TV2-programmet «Norges dummeste» i haust.
Består Sveinung Rotevatn VG-testen? Det finn du ut i denne episoden av Språkoppdraget.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne episoden av Språkoppdraget kjem Heidi rett frå prøvar på stykket Eg føreslår av vi vaknar, basert på romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud, der ho speler hovudrolla som Vilde Berg. Ho tar oss med inn i prøveprosessen tre veker før premiere, fortel om korleis det er å lage teater av ein ny scenetekst, om kva det er med språket til Beate Grimsrud som er så fascinerande, og Heidi forklarar oss korleis ho lærar seg tekst. Det handlar om kontekst.
I denne episoden av Språkoppdraget får vi også høyre om korleis nynorsken hjelpte Heidi med å finne tilbake til Råde-dialekta og korleis dei to språka passar i lag, kva det har kosta å spele i store musikalroller - utan at det har vore eit offer – og kvifor det er viktig for ho, og vi får høyre om kva rolle som har betydd mest for ho. Vi snakkar også om pust, om boksing, om den største forskjellen på å synge og snakke på scenen, vi er ein tur innom Heidi på engelsk, og vi snakkar om korleis Heidi Gjermundsen Broch fann vegen inn i teateret.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi rundar av sesongen med ein liten sommarprat internt i Språkoppdraget-redaksjonen. Produsent Ole Herman får kjenne på korleis det er å vere programleiar. Inger Johanne blir avslørt som trønder og Erlend avslører ei fortid i danseband. Vi mimrar tilbake til gullkorn frå vårsesongen, snakkar om ferieplanar og lesetips.
I tillegg svarar vi på spørsmål frå lyttarane. Med ønske om ein riktig god ferie til alle!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autografar på fest? Kor mykje makt har ho eigentleg over språket? Kor mange gonger for dag brukar ho sjølv ordboka og ordlista, og kva er eigentleg forskjellen på dei to? Kor redd blir du for å skrive feil når du er sjef for sjølvaste ordboka? Og er eigentleg boka betre enn musikalen?
I Språkoppdraget går vi inn i historia frå Ivar Aasen og fram til den ordboka vi har i dag, slik ho eigentleg er, dukkar litt djupare ned i kløyvd infinitiv og snakkar mykje om korleis ein eigentleg redigerer ei ordbok. Kva skal til for å få inn eit ord, korleis endrar eit ord skrivemåte, og kan eit ord forsvinne frå språket? Med ein ordbokredaktør i studio er det naturleg å komme inn på dei vanlege skrivefeila våre, dei beste nynorsktipsa og få svar på kva folk eigentleg lurer på om rettskriving. Og har det eigentleg noko å seie om det er menn eller kvinner som redigerer ordboka? Vi får også vite kva ord Margunn Rauset er mest flau over å ha tatt inn i ordlista. Velkommen til ein dryg times djupdykk i ordboka mange av oss les i kvar dag. Du kan høyre podkasten på MP3-spelaren din, nei, orsak; der du høyrer podkast.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.
I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.
Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.
Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.
I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.
Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.
I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.
Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.
Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.
Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk – the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.
Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket Tante Ulrikkes vei, som han speler i på femte året. Eller så har du kanskje sett han på NAV på Tøyen. Manish jobba nemleg som saksbehandlar der mens han venta på at draumen om å komme inn på Teaterhøgskolen skulle gå i oppfylling. Kva tar han med seg frå NAV inn i teateret, og finst det nokre likskapar mellom sosionomyrket og skodespelaryrket?
Vi skal sjølvsagt også snakke om Hør her’a, både boka, filmen og teaterstykket. Her er Manish ekspert. Han speler nemleg både i filmen som kom i fjor og i teaterstykket på Det Norske Teatret denne våren. Vi snakkar om forskjellen på film og teater, om forskjellen på å bli casta som pakistansk taxisjåfør og norsk partisekretær, og om kvifor urdu er så løye på nynorsk.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
The podcast currently has 38 episodes available.
27 Listeners
122 Listeners
9 Listeners
8 Listeners