
Sign up to save your podcasts
Or


Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen.
I denne episoden av Språkoppdraget fortel Anna om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått som teaterinstruktør og respektert som teatersjef, og så korleis ho har jobba med å finne tilbake til det eigenleg språket sitt og den eigentlege seg. Ho fortel om korleis det å skrive eigen dramatikk gjorde ho til ein betre regissør, om det sterke førstemøtet med hennar eigen tekst Tatovering i nynorsk omsetjing, og om kva det er ho liker best med å jobbe på norsk.
Vi snakkar også om teateret ho leiar, Mungo Park og om hennar tankar om kva som er godt teater.
Vi tar oss også tid til å snakke om forskjellane og likskapane mellom dansk og norsk.
Og når den eine programleiaren har kjøpt inn bollar til innspelinga, får vi oss ein god prat om bolle og andre ord som betyr heilt ulike ting på dei to nabospråka.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser. I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei travel førjulstid.
Sjølv om Herborg Kråkevik arbeider med jul mest heile året, er ho ikkje lei jula når ho kjem. For når barna har lagt seg på vesle julaftan, så vaknar mor. Da skal treet pyntast, julesokkar hengast opp, og alt gjerast klart til julehøgtida. Medan lyden av kyrkjeklokkene frå heile Noreg ringer jula inn over radioen og lukta av julemat spreier seg i huset i Skagen, så kjem julestemninga for Herborg Kråkevik.
I denne episoden snakkar vi også om kven Herborg blir når ho snakkar dansk. At fleire av våre vakraste julesongar og -forteljingar har komme på trass. Vi får diktlesing og avsluttar sjølvsagt med allsong rundt det imaginære juletreet!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tatt vegen i teateret for å lytte til Bjella også, for dei vonde visune hans har blitt allemannseige.
I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Stein Torleif Bjella om korleis det er stå på teaterscenen, korleis det er å skrive songar på bestilling på få dagars varsel og om kvifor han køyrde traktor i tre dagar frå Ål til Det Norske Teatret i sommar. Vi snakkar også om forskjellen på å skrive songar og ein roman, om Bjella sitt forhold til språk og litteratur, og korleis det er for Stein Torleif Bjella å stå på scenen når heile salen syng med på dei tekstane han har skrive om staden han kjem ifrå.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme og humor.
I denne episoden av Språkoppdraget fortel Ina om livet som barneskodespelar i Linus i Svingen, om korleis det var å vakne morgonen etter at SKAM hadde blitt stort i Japan, og korleis det er å toppe spotifylistene kvar førjulstid. Vi snakkar også om kvifor groruddølen Ina er «ekspert» på Haugesund-dialekt, har ein Nordlandsbunad i skapet og kva for monolog frå tida på Det Norske Teatret ho aldri kjem til å gløyme.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva har mesolittisk, eit konstruert fantasispråk frå om lag 9000 år før Kristus og moderne norsk bibelomsetjing til felles? Jo, vekas gjest i Språkoppdraget jobbar med begge delar.
Julian Kirkeby Lysvik er ein ekte språknerd, språkdoktor og bibelnerd frå Kvæfjord i Troms, som fekk språkinteressa vekt gjennom alvespråket i Ringenes Herre og bibelinteressa vekt gjennom gudstrua si. I sommar vart han bønhøyrd og fekk drøymejobben i Bibelselskapet, der han arbeider med bibelomsetjing. Ikkje berre jobbar han med språket i ei av verdas mest populære bøker, han har også laga eit språk for den kjente tv-serien Beforeigners.
I denne episoden av Språkoppdraget kan du lære korleis ein lagar eit 11000 år gammalt språk frå grunnen av, og få ein smakebit på korleis du snakkar det. Du får også eit lynkurs i hebraisk, eksklusive innblikk i dilemmaa bibelomsetjarar balar med, og vi snakkar om korleis det er å vere lingvist på raud løpar.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira.
I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor han har ein skrivefeil i tittelen, om kva det er ho elskar så høgt med filmen og musikalen Frost, og om kvifor ho slurvar med språket. Vi snakkar også om korleis det er å vere ei stemme for dei stemmelause, om korleis den litterære røysta hennar har forandra seg gjennom 25 år som forfattar, og om kva språk det er greitt å bruke når vi skal omtale store tabu.
Olaug Nilssen feirar 25 år som forfattar i år, og markerer jubileet med å gi ut ein ny roman med ein skrivefeil i tittelen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Teater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk.
I Språkoppdraget snakkar han om teatermagi, språkmagi og om kvifor leikhus er eit perfekt ord for teater, om kva han har lyst til å skape med Frost, og om kvifor han begynner å drøyme på norsk etter to månader i Noreg. Vi får også eit innblikk i språksituasjonen på Island, vi får høyre om den gongen Gisli og teaterkompaniet hans spelte Romeo og Julie for fulle hus på tysk, utan å kunne eit ord av språket, og den tidlegare turnaren Gísli stiller eit av livets store spørsmål: Kvifor heiter sporten turn på norsk?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
From the publisher's feed
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.
Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i…
Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?
I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.
Ny episode annankvar onsdag utover hausten.
Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

5 Listeners

85 Listeners

3 Listeners