Språkoppdraget

Språkoppdraget

Download on the App Store

Språkoppdraget episodes

  • Line Norman Hjorth om språket i Orderud-saken og truverd til rettssalen
    Trippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd. Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha truverd til rettssalen? Det er tema for denne episoden av Språkoppdraget. Gjest er forfattar Line Norman Hjorth.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    40 min
  • Guri og Olav Vesaas om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateret
    I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis.  Vi snakkar også om mor til Guri og Olav, Halldis Moren Vesaas og hennar virke som gjendiktar og omsetjar ved Det Norske Teatret.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    58 min
  • Arne Lygre om Tid for glede, tid for ros – og om å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk
    Sesong 2 av Språkoppdraget er i gang, og årets første gjest er dramatikar Arne Lygre. Han har skrive bestillingsverket Tid for glede som hadde urpremiere på Hovudscenen 29. januar, i Johannes Holmen Dahl sin regi. Stykket har fått strålande mottaking frå publikum og kritikarar. I Språkoppdraget snakkar Lygre om korleis det er å få oppdraget med å skrive for den største scenen på Det Norske Teatret, om korleis det er å ta imot så mykje ros frå kritikarane, og korleis det var for han å skrive sitt første teaterstykke på nynorsk.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    36 min
  • Mette Elisabeth Nergård om julebrevets mystikk og overraskingar
    Julebreva frå slekt og vennar i resten av landet var årets høgdepunkt då Mette Elisabeth Nergård vaks opp i Finnmark. Dei små historiene om andre folk sine liv vart lesne som små fiksjonsforteljingar. Og då ho seinare begynte å forske på julebrevsjangeren, fann ho ut at fleire av oss pyntar litt på sanninga i det masseproduserte julebrevet. Kor mykje er det lov å skryte og kva bør ein absolutt ikkje skrive om? Kven er julebrevet til for, avsendaren eller mottakaren? Og korleis går det med julebrevet no når det er jul heile året - på Facebook.Svara får du i den fjerde episoden av Språkoppdraget, der Nergård er gjest.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    34 min
  • Tom Roger Aadland om Bob Dylan på norsk
    Det er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar. Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dylan-kassett og korfor Sad-Eyed Lady of the Lowlands funkar som Sorgsame kvinne ifrå Jæren.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    40 min
  • Språkdirektør Åse Wetås om pandemispråket og pandemiar i språket
    Pandemien slo innover oss i mars 2020 og endra måten vi levde på, jobba på og kva vi snakka om. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås er gjest i denne episoden av Språkoppdraget. Vi snakkar om pandemispråket, om pandemiar i språket og om kva som kjem til å stå att i språket etter nærmare to år med korona. Og kva var no riktig uttale av dette ordet igjen? Det får du også svaret på i andre episode av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    34 min
  • Svein Tindberg om språk, tru og Peppa gris
    Korleis går det an å hugse ein monolog kveld etter kveld, kor mykje tekst er det plass til inni eit hovud og korleis er det for ein groruddøl å jobbe på nynorsk? Skodespelar Svein Tindberg snakkar om forholdet sitt til språk og tekst, om eit langt liv på Det Norske Teatret og om korleis det er å ha ei stemme som dei aller fleste i Noreg har høyrt på barne-TV.Programleiarar er språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsert av Ole Herman Andersen

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    30 min
  • Språkoppdraget Pirresnutt
    Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2021? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål? I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 min

About Språkoppdraget

From the publisher's feed

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i…

More shows like Språkoppdraget

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

85 Listeners

Nesten hele uka med Lepperød by Vrang Produksjon

Nesten hele uka med Lepperød

3 Listeners