Språkoppdraget

Språkoppdraget

Download on the App Store

Språkoppdraget episodes

  • Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk

    Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar.


    Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel om korleis ho har presentert særnorske fenomen som kveldsmat og brødskive, og meir fosseske fenomen som strilepolet og Jattgeir for italienske lesarar, korleis ho omset dialogar som består berre av pausar og tre ulike måtar å seie ja på, og ho lærer oss om dei grammatiske forskjellane mellom norsk og italiensk som får ho til å rive seg i håret innimellom.


    Margherita omset også ei rekke andre forfattarar til italiensk, mellom anna romanane til Karl-Ove Knausgård, og vi snakkar litt om kva som er likt og ulikt mellom dei ulike forfattarskapa, og om det er forskjell på å omsetje frå nynorsk og bokmål. Vi tar også ein tur innom Lyngseidet i Troms, der 17 år gamle Margherita hamna heilt tilfeldig som utvekslingsstudent, og der ho lærte seg norsk språk, norsk kystkultur og taus norsk kaffidrikking. Slett ikkje dumt å kunne når du skal omsetje Jon Fosse.

    Og etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget tenker du deg garantert om to gonger før du seier ciao i ein butikk på neste ferie til Italia. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 1 min
  • #2 Redaksjonsmøte - DIFF, Siri og unnskyldning
    I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    26 min
  • Ingerid Stenvold om dialekt, Dagsrevyen og språkstrid

    Sesongens første gjest i Språkoppdraget er kjent frå sjølvaste NRK, der ho har losa oss gjennom sportssendingar, debattar og Dagsrevyen dei siste åra, nemleg Ingerid Stenvold. I denne episoden gir ho oss ei grundig innføring i dialekta si frå Indre Troms, og vi rippar opp i den store språkstriden som vart utløyst då Ingerid var den første som fekk bruke dialekt på Dagsrevyen for 15 år sidan. Det vart hevda at dette ville skape stor irritasjon i befolkninga, og no får vi endeleg svaret: Kor irriterte vart vi?


    I Språkoppdraget fortel Ingerid om sitt nære forhold til Ivar Aasen si ordbok frå 1873 med gotisk skrift, ho står fram som rettskrivingspedant og ho forklarar kvifor hull er lov å seie i sportssendingar på TV, men ikkje høl. Og så skal vi sjølvsagt snakke om stortingsvalet, der Ingerid tar oss med bak kulissane på direktesendt partileiardebatt og valnattsending. Vi snakkar om politikarspråk og programleiarspråk, om kva som er lov og ikkje lov å seie på tv, om gode og dårlege spørsmål, og vi skal ein gong for alle avlive myten om at programleiaren i Dagsrevyen berre les opp nyheitene. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    59 min
  • #1 Redaksjonsmøte - Ny sesong!

    Ny sesong av Språkoppdraget, og no i ny drakt! Vi oppsummerer sommaren, kva som skjer på teateret i desse dagar og vi avslører neste gjest.

    Spørsmål og tips kan sendast til [email protected] eller på sprakoppdraget på IG! 


    God lytt!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    31 min
  • Frida Ånnevik om cover, knoting og bluesadvokatar

    Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt.  

     

    For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen Once som speler på Det Norske Teatret. Der fekk ho skrive tekstlinjer som «Ein lekk og hjartebroten sugen, trugen støvsugar.» Men også gjendikte den Oscar-vinnande låta «Falling Slowly», som i versjonen til Ånnevik blei «Styrte sakte». Dessutan får vi lære om fenomenet «bluesadvokat».

     

    I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi om skilnaden på google translate og gjendikting, om korleis Spice Girls og Janis Ian høyrest ut på norsk, og kvifor Beyoncé ligg i skrivebordsskuffa til Ånnevik enn så lenge. Vi får høyre om korleis Ånnevik arbeider fram tekstar og musikk, og ho kjem med gode råd til andre som vi vere skapande. For om du drøymer om å bli ein «one hit wonder», er det gode sjansar for at det kan skje. Frida Ånnevik trur nemleg at alle folk har ein låt i seg. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 2 min
  • Eurovision-spesial!

    Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret.


    Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill suksess, og i denne episoden snakkar Simen og Johan om prosessen med å lage Europavisjonar. Dei fortel om korleis det var å sjå at nyheitsbildet tangerte fiksjonen timar før premieren, og korleis dei har klart å få eit danna teaterpublikum til å ikle seg paljettar og heie på syngande og dansande politikarar.

    I denne episoden av Språkoppdraget dykkar vi djupt ned i fankulturen til Eurovision Song Contest. Kva er den optimale ESC-finalen? Korleis er det mogleg å elske ‘Mello’ men hate Sverige? Kva plass har språket i Eurovision? Kvifor drøymer Simen om ein ESC-finale i Holmenkollen? Kva er Noregs sjansar i årets konkurranse og kven får ‘douze points’ frå Simen og Johan?


    Med to språkglade gjester i studio, blir det både gloser på islandsk, hylling av morsmål og kjærleik til nynorsk.

    Velkommen til Språkoppdraget – Eurovision-spesial! 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 6 min
  • Peer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningar

    Ein ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen mot menneska, om prosessen med å lage ei teaterframsyning og om språkprosessar både i og utanfor teateret. 

     

    Dei siste månadane har Peer laga ei framsyning ved hjelp av kunstig intelligens, og vi snakkar om korleis det er å regissere ein KI, kva språklege utfordringar han har møtt på i prosessen og kva Peer tenker om kunstig intelligens etter å ha blitt betre kjent med fenomenet. Er han hekta eller redd, føler han seg trua eller oppløfta? Og kva trur han KI kan gjere med språket vårt, og særleg med nynorsk? Den naturlege intelligensen vår får mykje å bryne seg på i denne episoden.

     

    Peer tar også lyttarane med inn i prosessen med å lage ei teaterframsyning. Til hausten skal han sette opp si første barneframsyning nemleg Den uendelege historia av Michael Ende på Hovudscenen på Det Norske Teatret, der den menneskelege fantasien står i fokus. Han fortel om korleis han førebur seg til ei framsyning, om korleis han jobbar med teksten, språket og skodespelarane, om kva som er det kritiske punktet i prøveperioden og når det lonar. 

     

    Vi snakkar også om forskjellen på nyskriven dramatikk og klassikarar, om korleis manglande kompetanse på amerikanske dialektar stakk kjeppar i hjula for skodespelarkarrieren til Peer i USA, og om kvifor han meiner nynorsken er ein styrke for han som regissør i dag. Ein fin episode for deg som har vitehug!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr 6 min
  • Jakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikk

    Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjonen, om forskjellar på finlandssvensk og svensk, og får ein smakebit av finsk grammatikk.


    Jacob, som til dagleg er teatersjef på Lilla Teatern, Helsingfors Statsteaters svenskspråklege scene, har ikkje reist eins ærend til Oslo for å vere med i Språkoppdraget.

    Han er på Det Norske Teatret for å regissere musikalen Once på Scene 2, som har premiere 1. februar. Vi kjenner litt på premierenervane til regissøren, og snakkar også om forskjellane på å sette opp Once på finlandssvensk, finsk og nynorsk. Jacob har nemleg gjort Once på alle desse språka. Vi ser på forskjellar i gjendiktingane av musikalen, som opphavleg er skriven på engelsk, snakkar om likskapane mellom finlandssvensk og nynorsk, og om kva to teater med eit særskilt språkoppdrag har til felles. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    1 hr
  • Språkoppdragets julestrømpe!

    Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller beste sort. Vi snakkar om den jula Ivar Aasen snødde inne i Ørsta og den nyårsaftanen han gjekk seg vill på Oslo Vest, om kvifor Hulda Garborg grudde seg til jul og om kva Arne Garborg hadde imot juletre. Lurer du på kva Hulda Garborg gav Arne i gåve tre år på rad, korleis den første julefeiringa deira i lag var, eller kva slags juleting Ivar Aasen samla på?


    Vennane våre i Aasentunet i Ørsta og på Garborgsenteret på Bryne fortel oss om korleis desse tre nynorskheltane feira jul. Vi tar også eit dykk i arkivet, eit dykk i godteskåla med julekaramellar i studio, og vi mimrar om året som har gått og hentar fram klipp frå tidlegare julesendingar.


    Språkoppdraget er din beredskapsvenn i jula. Her skal ingen vere julelaus. God jul!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    40 min
  • Julehefte spesial

    Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet Knoll og Tott, kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra. 


    I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Nana Rise-Lynum frå Norsk barneblad og Kjartan Helleve frå Fonna Forlag, som gir ut nokre av dei aller eldste teikneseriehefta vi har i Noreg: Smørbukk (1941), Tuss og troll (1945), Vangsgutane (1941) og Ingeniør Knut Berg (1945).


    Dei to forvaltar ein sentral del av norsk juletradisjon og kulturarv, og det som har vore ein sentral reiskap i målkampen og ei viktig inntektskjelde. Men kan norske folkeeventyr vere for dryge for vår tid? Kan Smørbukk vere på Facebook? Kan mora til Vangsgutane gifte seg med Sterk-Ola? Alt dette kjem vi inn på i denne episoden. Vi lurer også på kor i Noreg folk les mest julehefte og korleis framtida ser ut for denne tradisjonen. Og når ein arbeider med julehefte heile året – les ein da julehefte til jul? 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    54 min

About Språkoppdraget

From the publisher's feed

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.

Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i…

More shows like Språkoppdraget

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

5 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

85 Listeners

Nesten hele uka med Lepperød by Vrang Produksjon

Nesten hele uka med Lepperød

3 Listeners