Gerd ser at det bryggar opp til kamp om toppvervet i Bergen Høgre, etter at fleire bydelslag utfordrar Harald Victor Hove som byrådsleiarkandidat. Anne forklarer kvifor det er vanskeleg for regjeringa at staten tener så mykje pengar. Og Morten lurer på kva type ferieplanlegging som er den mest vestlanske måten.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan.
Hadia Tajik har gått av to gongar på éi veke, Marte Mjøs Persen har fått ny statsrådpost og me har gått rett frå pandemi til krig. I tillegg får me eit innblikk i NHH-kulturen i “Å Vestland”.
Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Anne Rokkan.
Hadia Tajik gjekk av som arbeidsminister onsdag, men held fram som nestleiar i Ap. Må ho gå av endå ein gong? Ukraina-krigen held fram, og snur opp ned på det meste. Og heilt uavhengig av alt anna: Noregs raraste kommune vil dele seg. Me skal til Kinn i Å Vestland.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan.
Hadia Tajik er vekas mest omtalte i Norge, etter utskjelling av Aftenposten og saker om pendlarbustad. Ei presseskandale kalla ho det, men er det kanskje ho som står for skandalen? Ei fersk bergensmåling står elles på programmet, før Anne Rokkan sjekkar om Eirin Eikefjord og Gerd Tjeldflåt er blitt ekte bergensarar enno.
Programleiarar: Gerd Tjeldfåt, Anne Rokkan, Eirin Eikefjord
Politiet har ransaka folk ulovleg i alle år, og vestlandske kommunar har gått frå slagord til kommunikasjonskonsept. I tillegg fekk poddiken besøk frå to tidlegare statsrådar på scena på Kulturhuset i Bergen.
Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll
Tre gonger har det begynt å brenne i lageret til sparkesykkelbedrifta Ryde. Blir dette kroken på døra for dei i Bergen? Fyr og flamme blir det også i studio når Anne og Morten kranglar om elektrifisering av sokkelen. Og bli med på ei kulinarisk reise i Sogn og Fjordane i vekas Å Vestland.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Anne Rokkan
Alle får korona, og det viktige spørsmålet er korleis gjere det til «bra content». Energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) får kritikk frå alle kantar, men må ho verkeleg gå? Og kven skal få vere med i ein kjendisreality frå Vestlandet?
Ap og Sp gjer det dårleg på målingane, og Bergen har fått ein ny skulebyråd. I tillegg tar me bygdedebatten i denne vekas episode, der vikarkommentator og bygdetilflyttar Stig Arild Pettersen er med.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Stig Arild Pettersen
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.