Denne veka er det ti år sidan terroråtaket 22. juli. Lubna Jaffery, som i dag er fungerande byrådsleiar i Bergen, var i Oslo då bomba gjekk av. Dottera hennar var på veg til Utøya.
Norwegian er i hardt vêr etter millionbonusar. Men kvifor trudde regjeringa at dei skulle vere solidariske med storsamfunnet? På fødeavdelingane er det fullt av fødande, og få jordmødre. Og i distriktet kler ein ordførar av seg for å stoppe fråflyttinga.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan.
Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren?
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan.
Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan.
Politiet skapte rabalder på eit væpna foredrag på Osterøy, Pride-månaden er igang og podkastgjengen diskuterer kva koronatiltak vestlendingar kjem til å sakne.
Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll.
Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen?
Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll.
Lærarane streikar, BT kjem med ny Sogn og Fjordane-måling, stortingsrepresentantar og andre i statsmakta får vaksine og Jens stiller fleire spørsmål frå Kvinneguiden.
Programleiarar: Anne Rokkan, Jens Kihl og Morten Myksvoll.
Høgre gjer det bra på ei ny BT-måling, austlandet får fleire vaksiner og NRK blir saksøkt av sin eigen programleiar. Og kva er det med Festspillene i Bergen?
Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll.
Høgre arrangerer landsmøte i motgang, medan bøndene gjer opprør mot regjeringa. Og Anne spør om 17. Mai-feiringa på bygda eigentleg er så annleis enn i Bergen – om ein ser vekk frå sentrum.
Programleiarar: Anne Rokkan, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll.
Siv Jensen går av som Frp-leiar og Syvli Listhaug overtar. Kva har det å seie for partiet framover? Arkitekturdebatten har blomstra denne våren. Stemmer det at alt nytt er stygt – og er det i så fall arkitektane sin feil? I spalta «Å Vestland» tar Jens opp dette spørsmålet frå Kvinneguiden: Går det an å bu i Sogn og Fjordane?
Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll.
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.