Skulle eit steinhovud til ein verdi av 400.000 kroner gå rett i bosset? NMG gir deg alt du ikkje visste du trengte å vite om steinhovudskandalen. Me diskuterer og om staten skal betale for «tullestudium» og tek OL-debatten.
Kven hadde trudd at Epstein-dokumenta skulle slå ned som ei bombe i Noreg? Men slik har det altså blitt. Me får også rapport frå rettssaka mot Marius Borg Høiby, og snakkar om kor uvanleg denne vinteren har vore i Bergen.
Vi snakker om Jonas Gahr Støres innkommende SMS-er, VM-boikott, Gerds emosjonelle reaksjon på et møte i kontrollutvalget i kommunen og så spør vi: Er virkelig 2016 et år lengte tilbake til?
Byrådet til Christine Meyer (H) vassar i mistillitsforslag, Kjetil kritiserer øltelt under VM og me deler våre beste tips (og frustrasjonar) for julefeiringa.
Ei ny alvorleg sak lagar trøbbel for sosialbyråden i Bergen. Morten oppsummerer det me veit så langt. I tillegg går me gjennom vekas abortdebatt, og me lovar innestemme. I Høgre ventar alle på at Ine Eriksen Søreide skal finne ut om ho vil bli partileiar. Kor lang tid har ho eigentleg på seg?
Denne veka er det 20 år sidan karikaturstriden. Tidlegare kulturredaktør i BT, Hilde Sandvik, og noverande sjefredaktør, Trond Olav Skrunes, gjestar podkasten for å diskutere kva som gjekk gale i norsk presse. Den siste veka har også fleire bergenske institusjonar lagt inn årene. Kjem me eigentleg til å sakne nokon av dei?
Hva betyr det for Ap når Rødt og MDG blir så store? Ellers rapporterer vi fra Støre og Stoltenbergs show på Nygårdshøyden, og fra Fana der Høyre-velger i Fana gjemmer seg bak gjerdene. Og så har du ungdommen, da.
40 min
About Nokon må gå
From the publisher's feed
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.