Litteraturhuset i Trondheim

Nynorsk som essayistisk skriftkultur - 05.11.2018


Listen Later

Ein samtale om nynorsk skriftkultur mellom Morten Søberg (direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1), Sæbjørn Forberg (bonde og filosof) og Trygve Lundemo (journalist i Adresseavisen)Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset?I boka «Nynorskens lys. Eit essay» skriv Morten Søberg at den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk: Nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit kjettersk skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Slik samsvarer grunndraga ved språket med sjangerkrava til essayet; djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande – eit ideal for ei opplyst og demokratisk offentlegheit?Samtalen blir leidd av Trond Åm, dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Litteraturhuset i TrondheimBy Litteraturhuset i Trondheim


More shows like Litteraturhuset i Trondheim

View all
Giæver og gjengen by VG

Giæver og gjengen

23 Listeners

Aftenpodden by Aftenposten

Aftenpodden

40 Listeners

Morgenbladets podkaster by Morgenbladet

Morgenbladets podkaster

6 Listeners

Rekommandert by HENRI & Acast

Rekommandert

17 Listeners

Krisemøter by Moderne Media

Krisemøter

20 Listeners

Krimpodden by VG

Krimpodden

62 Listeners

Forklart by Aftenposten

Forklart

113 Listeners

Stortingsrestauranten by Høyre

Stortingsrestauranten

3 Listeners

Wolfgang Wee Uncut by Wolfgang Wee

Wolfgang Wee Uncut

41 Listeners

Historier Som Endret Verden by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Verden

4 Listeners

Den politiske situasjonen by Dagens Næringsliv & Acast

Den politiske situasjonen

17 Listeners

Historier Som Endret Norge by Gjenklang & Acast

Historier Som Endret Norge

7 Listeners

Det Store Bildet by Brandpeople og Bauer Media

Det Store Bildet

12 Listeners

MÍMIR&MARSDAL by Manifest Media

MÍMIR&MARSDAL

15 Listeners

Maktutredningen by Morgenbladet

Maktutredningen

0 Listeners