
Sign up to save your podcasts
Or


Dagens gjestar: Festivalsjef Ivar Bøthun og musikar Christer Sundøy Røttingen
Historikk, framtid og urframføring. Ivar Bøthun er festivalsjef saman med Tommy Aasen. Kva har vore suksessfaktoren? Kan dei veksa vidare? Stemmer det at første frø blei sådd på Peppes? Christer står bak den ganske nye Øyane-songen og er frontfigur i The Strils. Han har i denne episoden urframføring av ein av dei nye låtane sine.
Journalist er Ørjan Håland.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Torkjell «Toschie» Rød (fødd i 1971) er vokalist og frontfigur i Audrey Horne, som vann Spellemannpris for debutalbumet sitt i 2005 og varma opp for AC/DC på utselt Valle Hovin i 2010. I juni i år delar dei scene med Alice Cooper og Iron Maiden under Tons of Rock – i denne episoden kjem Torkjell med eksklusiv informasjon om ny musikk – og eit skjebnesvangert bandskifte ein gong på 1990-talet.
Programleiar Håland har i dag med seg sidekick Olav Skorpen (fødd i 1972). Bassist Skorpen har lang fartstid som musikar i Os og bergensområdet, blant anna med Bjørn Hellfuck. Dette blir neppe siste gong Olav deltar som ekspertkommentator og gjesteprogramleiar.
Dagens gjest: Torkjell «Toschie» Rød
Programleiar: Ørjan Håland
Dagens sidekick: Olav Skorpen
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Dymbe var del av bandet Manheads, som i 2009 tok seg til Urørt-finale. Bassisten fortel om denne tida, åra etter og deltar som sparringspartnar for å drøfta, kva bør podkasten Os RockCity handla om?
Dagens gjest: Alexander Dymbe
Programleiar: Ørjan Håland
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
From the publisher's feed
Os Rock City handler om musikklivet i Bjørnafjorden. Musikkarven, artistene, eventene og historiene som har skapt og som fremdeles skaper Bjørnafjordens musikalske identitet.
Programleiar…
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.