PALLPLASS - ein metalpodkast

PALLPLASS - ein metalpodkast

By Bjarte, Ola og ØyvindMusicMusic CommentaryMusic History
Download on the App Store

PALLPLASS - ein metalpodkast episodes

  • 007 - TONS TIL FJELLS

    Øyvind er på spa- og hårsekkbehandling i Øystese og i hans fråvêr har vi lånt ut mikrofonen til sjølvaste Marius Haugaløkken, drivar av Gjendesheim og festivalvert for den nye, kolossale metalfestivalen Tons til fjells - ein avart av Tons of rock-festivalen.

    Korleis blei festivalen til frå idè til realisering? Kva har stått i spelaren til Marius i det siste? Kva har festivalverten til felles med Jesus? Kva er dei beste låtane til Ghost?

    Dette og meir til får du i denne spesialepisoda med Pallplass der Tons til fjells er hovudtema!

    45 min
  • 006 - MOTÖRHEAD

    Kva plater kjem på pallplassen når Motörhead, med legendariske Lemmy i spissen er tema i episode 6 med Pallplass? For å finne ut av dette må Ola, Øyvind og Bjarte ha med seg førstemanuensis i Motörhead - Kåre Plassen. Nyt!

    1 hr 8 min
  • 005 - Black Sabbath

    I episode 5 av Pallplass er det forfedrane av heavy- og doom metal som skal på pallen. Kva era av Sabbath er best? Er Ian Gillan den beste Sabbath-vokalisten? Kva har Black Sabbath med italiensk skrekkfilm å gjera? Kva album snik seg på topp 3 hjå Ola, Øyvind og Bjarte? Dette og meir får du svaret på i episode 5 med Pallplass!

    1 hr
  • 004 - JUDAS PRIEST

    Judas Priest. Sjølve opphavet og definisjonen på Heavy Metal. Ein sjangerinstitusjon utan like. Eller er dei? Er Live Vengeance ´82 oppskrytt? Er Dave Holland ein undervurdert trommis? Er musikken eller omslaget best på Point of Entry? Kva er topp 3 plater av britane? Dette og mykje meir får du med deg i episode 4 av Pallplass!

    1 hr 16 min
  • 003 - IRON MAIDEN

    Kva er topp 3 plater av Iron Maiden? Er Blaze Bayley eigentleg ein god vokalist? Er bassintroane til Steve Harris eigentleg bra vals? Korleis gjekk det med symjekarriera til Øyvind? Dette og mykje meir får du svaret på i episode 3 av Pallplass!

    1 hr 3 min
  • 002 - MEGADETH

    Kolossale Megadeth med sin 17 platers store diskografi, blir dissekert av trioen RossMoe. Klarar dei å finne kva plater som får pallplass?

    46 min
  • 001 - DEATH

    Legendariske Death med sin uslåelege diskografi er tema i episode 1 av PALLPLASS.

    50 min

About PALLPLASS - ein metalpodkast

From the publisher's feed

Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.