
Sign up to save your podcasts
Or


John Gunnar deler historia om korleis han opplevde å vere med på fødselen til kjærasten sin!
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Med-programleiar: John Gunnar Edvinsen
Produsent: Marius Mandal
Komikeren, mannen bak «Skinny E», og pappaen i pappaperm Emil Wæraas er gjest i denne episoda. Dette er ei veldig fin episode der Emil fortel om korleis han var glad etter fødsel, men sleit med å finne farsfølelsen. Han snakkar også om nostalgi, å løvblåse i lag med sonen sin, og om å låne toalettet til fullstendig fremmede.
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Produsent: Marius Mandal
Oskar og John Gunnar har vore på fotballtur, og tar ein debrief. Dei snakkar om kommunikasjon i parforholdet, om viktigheita av å gjere ting for seg sjølv, og stiller seg sjølv spørsmålet: når er det eigentleg innafor å ta med seg sonen sin på fotballkamp i England? John Gunnar utfordrar Oskar på om det eigentleg er fair å la barn vakse opp i 2026, som Man United-supporter...
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Med-programleiar: John Gunnar Edvinsen
Produsent: Marius Mandal
Har du forslag på tema eller gjestar vi kan ha i podden? Slide inn i Oskar sin DM på insta @oskarfjortoft
Komiker Vidar Hodnekvam er på besøk for å snakke om livet som pappa. Korleis kombinerer han livet som komiker og pappa, og han fortel om då han lagde soloshowet «Pappalivet». For første gang i podkastens historie snakkar vi også om porno.
Vidar er forøvrig aktuell med nytt soloshow «Bittersweet» på Latter, med premiere 4.feb!
John Gunnar er tilbake, og i denne episoda skal vi snakke om barnevogn. Kva er det viktigaste når du skal kjøpe barnevogn? Vi pratar om adaptere, koppeholder, tvillingvogn og den legendariske sangen "Ute til lunsj".
Har du forslag til tema eller gjestar i podden? Send dm til @oskarfjortoft på instagram!
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Med-programleiar: John Gunnar Edvinsen
Produsent: Marius Mandal
Henrik Fladseth er pappa, og gjest i dagens episode. Han deler tips til korleis ein skal få barnet sitt til å heie på samme fotballag som deg, i tillegg til å dele om eit sunt liv som far. Korleis kombinerer ein livet som standup-komikar og pappa? Og kva meiner Henrik Fladseth om at kidsa har vunnet?
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Produsent: Marius Mandal
John Gunnar Edvinsen er på plass for å snakke om Oskar sine forventninger til å bli pappa. Kva er forventningane til at livet skal endrast, kva skal til for å bli handy, og korleis kombinere livet som frilanser OG pappa?
Send inn dine forslag på tema, gjestar eller andre ting du tenker på til Oskar Fjørtoft på instagram: @oskarfjortoft
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Med-programleiar: John-Gunnar Edvinsen
Produsent: Marius Mandal
Else Kåss Furuseth er pappapappapappa sin første gjest. Til tross for at ho ikkje er far sjølv, så veit ho alt om viktigheita av å ha ein far som stiller opp. Else sitt aller viktigaste tips er å ha ubetinga kjærleik til barna dine. Noko vi får oppleve når ho ringer til pappaen sin, og vi får bli med han på tannlege-kontoret...
Programleiar: Oskar Fjørtoft
Produsent: Marius Mandal