
Sign up to save your podcasts
Or


I denne episoden får du høyre Stine Hanssen Brattland fortelje ope og ærleg om oppveksten sin, og om utfordringane ho har møtt som autist. Ei personleg historie om å finne sin plass i verda – og om styrken i å vere seg sjølv.
Når er dèt ein gjer godt nok? Og vil det nokon gong bli det? Høyr overlege og spesialist i psykiatri, Jeswanthiny Mayooran, snakke om sin oppvekst og korleis det er å være andre generasjons innvandrar i dag.
I tredje episode av serien "Norsk Røyndom" snakkar Jens Kihl om forskjells-Noreg.
I andre episode av "Norsk Røyndom" får vi besøk av Mone Celin Skrede frå Hareid. Ho vaks opp med ei høgre hand som er kortare enn den andre og med færre fingrar. Høyr ho snakka om verdas største minoritet, og hennar sterke historie.
I fyrste episode av serien "Norsk Røyndom" møter vi professor og prisvinnande formidlar Jørn Øyrehagen Sunde. Han gjer oss eit innblikk i korleis rettstryggleiken i Noreg kan påverke kvardagen vår.
Pludrepodden presenterer ein ny serie som heiter «Norsk Røyndom» basert på ein bokserie frå Samlaget med same namn. Her møter vi forfattarar som fortel om ulike utfordringar og deler sine erfaringar.
Det vert gjeve ut ein ny episode kvar månad der me får høyra om korleis rettstryggleiken er her i Noreg, utfordringar i utdanning og arbeidsliv som autist, korleis det er å leva som funksjonshemma, få ein innsikt i forskjells-Noreg og det å aldri kjenna seg god nok.
Følg Pludrepodden på Spotify for å få med deg dei nyaste episodane når dei kjem.
Me er tilbake med ny sesong av Pludrepodden og side 9. Det feirar me med gjevt besøk av Mona Vetrhus som fortel om bøkene og boklansering frå heile verda, (innanfor landegrensa) 😄
Mona Vetrhus har funne side 9 til oss, som me pludrar rundt. Me går òg gjennom vår-programmet, og arrangementa som ein finn der.
Me har reist på tur til Haugesund med bokbussen, og pludrar med gjester frå andre bibliotek.
From the publisher's feed