
Sign up to save your podcasts
Or


I vekas mediekommentar frå Tro & Medier får du høyre Cathrine Lofnes i Mammashjerte snakke om det fokuset vi har på eigen kropp. Har vi eit balansert kroppsfokus, spør Lofnes i vekas mediekommentar.
I eit forslag til ny lov blir det merkeplikt på manipulerte kroppsbilde. Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om kvifor dette ikkje har kome før og kvifor behovet er der no.
Denne veka kom Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug, frå Ålesund, med sin aller fyrste låt. Ett sekund er namnet på låta, og den er dedikert til alle borna hennar. Den handlar om å vere i nuet med borna, der situasjonane kan endre seg raskt frå sekund til sekund. Vi har tatt ein prat med Ingrid og du kan høyre heile intervjuet her. Songen finn du på Spotify.
IOGT er ein ruspolitisk organisasjon som er religiøs og politisk nøytral. Dei arbeidar for at barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø som er rusfrie, og har mellom anna kampanjane Hvit jul, og Fyll ferien - ikkje med fyll, men med gode sommaropplevingar mellom barn og vaksne.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Hjørdis Almelid Vikenes, som arbeidar i IOGT, om arbeidet dei driv no i ei tid det er vanskelegare å reise rundt med seminar og å stå på stand.
-Kvardagen er annleis, men vi er faktisk framleis i Guds plan, fortel Marit Stokken Berland i vekas kvardagsprat.
I vekas episode frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia får du høyre om barneheimen Faraja. Barneheimen held til på kysten av Kenya og gir fleire born eit nytt liv. Høyr Elisabet Emblem fortelje.
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

3 Listeners

1 Listeners