
Sign up to save your podcasts
Or


Det populære spelet Fortnite har 12 års aldersgrense, og no viser NRK Super klipp frå spelet på Flippklipp med niårsgrense. Kvifor er det slik spør ein forelder Barnevakten, og vi høyrer med rådgivar Kris Munthe svaret på dette.
I to år har Ruben Lie Monsen fylgd prosessen med Sjøholt Folkehøgskule, som til hausten skal starte opp som landets fyrste folkehøgskule for 16-åringar. Lie Monsen arbeidar i dag som lærar i Giske, og har tidlegare vore forkynnar i Indremisjonsforbundet. No ynskjer han endring og har fått stillinga som assisterande rektor ved Sjøholt Folkehøgskule. Høyr intervjuet på Radio Sunnmøre.
- Eg trur at vi i for liten grad snakkar om kva eit liv er, kva eit menneske er og når livet startar. Og så må vi ut frå det snakke om korleis vi skal forholde oss til abort. No har abort blitt ei løysing på eit problem, utan at vi definerer kva eit liv er og når livet startar, seier Kristin Rudstaden, informasjonsansvarleg i Menneskeverd.
Menneskeverd meinar det utfordrar vårt forhold til kva eit menneske er, når no Ap og SV ynskjer at sjølvbestemt abort skal kunne uførast heilt til veke 18 (Ap) eller veke 22(SV).
-Frå eit biologisk ståsted er det eit menneske frå befruktninga. I samfunnet har vi ein annan definisjon på når fosteret får verdi. Dersom ein går for fri abort til veke 18 eller veke 22 så vil det innskrenke fosterets rettsvern, fortel Rudstaden i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Ei opa dør og timelange møter er noko av det Irene Krokeide Alnes kan fortelje frå flotte møter i Vardø forrige veke. I sommar vil også turen med Plussreiser besøke Vardø og denne staden der møta har vore. Vi har tatt praten med Irene Krokeide Alnes i Kvardagspraten.
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

3 Listeners

1 Listeners