
Sign up to save your podcasts
Or


Kva type er det borna dine spelar når dei er inne på speleplattforma Roblox? Kva innheld dei ulike spela, og kva kan vi som foreldre gjere for å få oversikt? Vi tek ein prat med spelrådgjevar i Barnevakten, Kris Munthe.
Rett før jul kom Inger Valbø heimatt til Sunnmøre frå Japan. I Japan har Valbø vore som misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband over 28 år. I ein prat over telefon høyrer vi korleis det er å skulle fortelje om Jesus i ein sekularisert kultur, og om det er store forskjellar på Japan og Noreg når det gjeld akkurat dette.
Tid til bøn, reiselyst og fjelltuar er noko av det vi tek ein prat med Marit Stokken Berland om denne veka i Kvardagspraten.
NSP Aid driv eit stort bistandsarbeid i Kenya og Etiopia. Born med ulike funksjonshemmingar får lite hjelp i Kenya, og særskilt i slummen. NSP Aid har eit hjelpearbeid retta mot desse borna, og i dagens episode med dagleg leiar Gunnar Hamnøy får du høyre meir om dette.
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

3 Listeners

1 Listeners