Radio Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Download on the App Store

Radio Sunnmøre episodes

  • Bibelpraten_Jobs bok_Velsignelsen_Del 100

    Korleis handlar vi når vi ikkje får dei bønesvara vi ynskjer? Kva når livet ikkje går slik vi hadde tenkt? I Jobs bok kan vi lese og lære av Job og historia hans, om då han opplevde det forferdelege å miste både jobb, helse og sine nærmaste. Vi kan lese om vener som ville gje ei forklaring på kvifor dette hende slik det gjorde, og om Job som framleis held fast trua på Gud. I Bibelpraten episode 100, tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om korleis det endar for Job, og kva vi kan lære av hans historie.

     

    10 min
  • Kristen ungdomsklubb på Ellingsøya med auke i koronatida

    På siste samling før Noreg vart nedstengt igjen rett før påske, så var det 40 unge som kom på 7eren på Ellingsøya. Annakvar fredag er det 7eren for dei i alderen 5. -7. klasse, og det har i koronaåret vore svært populært.

    Leiar Olaug Lillian Bjørke fortel at det har vore utfordrande med dei ulike restriksjonane i forhold til korona, men opplever det som at dei unge som har kome set pris på denne kristne aktiviteten. Det har og kome nye born gjennom året, og sjølv om det er ekstra arbeid både med å forholde seg til nye restriksjonar i tide og utide, så fortel Bjørke at det er verd det ekstra arbeidet om ein kan få møtast i kristent barne -og ungdomsarbeid. 

    Håpet for Bjørke er at det no opnast opp att så ein kan få ha eit par samlingar til før ein tek sommarferie.

    6 min
  • Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_13042

    Denne veka skal Irene Krokeide Alnes til Vardø og halde møter, og gler seg stort til å få møte folk igjen. I vårt landstrakte land er det store forskjellar på både smitte og restriksjonar, og no opna det seg for møteverksemd i nord.

    -Det du gir frå deg til andre gir stor velsigning, det seier Krokeide Alnes avslutningsvis i dagens prat. Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.

    8 min
  • Status for Plussreiser 2021

    For tida arbeidar Plussreiser med å flytte på planlagte turar, sidan opning av landet ikkje vart slik ein håpa på. 

    For 2021 har Plussreiser gått ut med ein Trygghetsgaranti på turar utan flyreiser, som gjer at ein kan melde seg av ein tur seks veker før avreise utan å tape ei krone. På denne måten håpar dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne at fleire vil melde seg på turane dei no planlegg i Noreg.

    -Eg veit at lysta er der for å reise, for det er svært mange som tek kontakt. Så det vil nok vere ei gradvis tilvenning til det nye reiselivet, fortel dagleg leiar Kindervåg Halsne om tida som kjem når Noreg opnar gradvis opp igjen. Høyr heile intervjuet her på Radio Sunnmøre.

    5 min
  • Sjømannspresten_Annstein Lothe_Del 17

    Påskefeiring, sommarvarme og forbøn for arbeidarane som har arbeidd på den nye plattforma som no er på veg til Noreg etter å ha blitt bygd i Thailand. Vi har tatt ein prat med sjømannsprest Annstein Lothe i sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand.

    9 min
  • Barnevakten 1421_Kris Munthe

    Spelplattforma Among Us har kome med ei ny oppdatering som vil slå ned på trakassering og juks, og vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten Kris Munthe om korleis dette fungerar.

    9 min

About Radio Sunnmøre

From the publisher's feed

Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

More shows like Radio Sunnmøre

Salt by Salt Bergen

Salt

3 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

1 Listeners