Radio Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Download on the App Store

Radio Sunnmøre episodes

  • Barnevakten 1121_Leif Gunnar Vestbøstad Vik
    Denne veka vart utredninga som Medieskadelighetsutvalet, som i 2019 vart satt ned av regjeringa, overlevert til kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Det er i denne utredninga konkludert med at ein må forske meir på kva som er skadeleg for born i ulike medier.
    Barnevakten, ved dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstadvik, meinar det er flott med forskning, men at det er no borna lever og veks. Og for Barnevakten er det viktig å presenteret nokre reiskapar som foreldre og lærarar kan nytte allereie i dag til å handtere det born opplever i ulike medier.
    9 min
  • Pilegrimstur i Olav Helliges fotefar med Plussreiser
    Pilegrimstur i Olav Helliges fotefar med Plussreiser kan du få oppleve i sommar frå den 5. juli. Det er Jan Løkkeborg og Kjell Harald Otterlei som blir med som turteam, og i eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre meir om både historie og om sjølve turen.
    9 min
  • Bekymra for dei unge som har livet framføre seg
    Møre og Romsdal politidistrikt er bekymra for at forslaget til rusreform legg til rette for ei avkriminalisering av narkotika. Distriktet jaktar ikkje på slitne narkomane, men har ein innsats inn mot å hindre ei utbreiing av narkotika i dei yngre aldersgruppene. I eit intervju med Bjørn Egil Gamlem, avsnittsleiar for etteretning og førebygging, får du høyre meir om kva som er utfordingane i Møre og Romsdal i dag, og kvifor ei avkriminalisering kan gje fleire utfordringar.
    10 min
  • Sjømannspresten_Thailand_Del 15_Annstein Lothe
    Sjømannskyrkja er ei trygg hamn for mange, noko sjømannsprest Annstein Lothe fortel meir om i vekas prat. Han er saman med kona Kristianne Stendal Lothe plassert i sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Vi får også høyre om påska som skal markerast, og i tillegg har dei allereie fått "feira" 17. mai. Høyr meir i praten med Annstein Lothe.
    9 min

About Radio Sunnmøre

From the publisher's feed

Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

More shows like Radio Sunnmøre

Salt by Salt Bergen

Salt

3 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

1 Listeners