I Bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås tek vi i dag ein prat om kva som står i 1. og 2. Petersbrev, og kva det kan bety for oss i dag. Peter er innom ekteskapet, og korleis ein skal behandle si kone. I tillegg pratar vi om tidspunktet for når Peter skriv dette brevet, og korleis han skriv om det å skilje mellom det som er sant og det som er usant.
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat om adventstida med Marit Stokken Berland. Møter blir avlyst, men vi kan vere med å be kvar på vår plass. Det seier Marit meir om i vekas prat.
Gjenoppdag advent, det snakka Jarle Haugland om i vekas mediekommentar frå Tro & Medier. Høyr kommentaren på Radio Sunnmøre.
4 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.