Radio Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Download on the App Store

Radio Sunnmøre episodes

  • Jesus_ny singel frå John Inge Rolfsnes
    I ungdomstida hadde John Inge Rolfsnes vanskeleg med å fortelje at han var ein kristen og kom frå ein kristen familie. Nyleg kom Rolfsnes ut med ein heilt ny song med namnet Jesus. Songen er ei bøn til Jesus om å sjå oss i vår svakheit og å vere oss nær. Høyr intervjuet med John Inge Rolfsens på Radio Sunnmøre.
    4 min
  • Barnevakten 4820_Kjellaug Tonheim Tønnesen
    Interessa for å vere med på webinar hos Barnevakten har vore enorm dei siste vekene. Dei to siste vekene har Roblox og AmongUs vore tema, med tusen deltakarar på kvart webinar.
    Fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, fortel om om fleire aktuelle webinar som no kjem opp og som allereie har fleire påmelde.
    7 min
  • Bibelpraten_1og2Petersbreve_Del 82
    I Bibelpraten denne veka får du høyre Johan Halsne og Arild Ove Halås prate om det som står i 1 og 2 Petersbrev. I Bibelpraten tek vi ein prat om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag. Apostelen Peter var ein av disipplane som fylgde Jesus tett, og breva Peter har skrive handlar mykje om prøvelsar . Korleis kan vi møte dei prøvelsane som kjem for oss kristne?
    10 min
  • Julefred_ny julesong frå Ulsteinvik
    Birgitte Vik Wymer har kome med ein ny julesong som ho håpar skal gi julefred i ei spesiell førjulstid og julehøgtid. Songen er skriven på nynorsk, noko Vik Wymer fortel i intervjuet ikkje var berre enkelt for henne sidan ho har budd dei siste åra i England. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
    4 min
  • Sjømannspresten_Thailand_Del 8_Kristianne Stendal Lothe
    I Sjømannspresten denne veka tek vi ein prat med Kristianne Stendal Lothe, som til dagleg arbeidar i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand. Det er ikkje berre enkelt å kome seg tilbake til Thailand i desse tider, etter eit ferieopphald heime i Noreg. Vi tek ein prat om dette, og også dei utfordringane korona gjer for nordmenn som  arbeidar til dømes i Sjømannskyrkja verda over. 
    Det merkast endå meir kor viktig arbeidet Sjømannskyrkja gjer for nordmenn i utlandet er, og behovet for at ein er tilstades.
    7 min
  • Gro Hofseide med nytt album
    Velsignet er namnet på Gro Hofseide sitt nyaste album. Ho har skrive alle songane sjølva, og seier i eit intervju på Radio Sunnmøre at dette er hennar vitnesbyrd i songform. Høyr intervjuet og songane på Radio Sunnmøre.
    8 min

About Radio Sunnmøre

From the publisher's feed

Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

More shows like Radio Sunnmøre

Salt by Salt Bergen

Salt

3 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

1 Listeners