I slutten av november blir musikalen Løvenes Konge satt opp på Ålesund Folkehøgskule. Det er elevane sjølve som har alle rollene, både av og på scena, og to i PR-gruppa har vore i studio og fortalt om årets musikal. Karl Erik Knudsen og Grete Godlien fortel meir om årets konsept.
I Bibelpraten denne veka tek vi ein prat om Judas brev. I Bibelpraten tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
Det årlege arrangementet Stjernedryss i advent med IMF Sunnmøre og Johan Halsne blir i år digitalt. Gjestar og artistar blir å høyre og å sjå i programmet, som kvar fredag framover blir slept på IMF Sunnmøre si heimside og facebookside. Høyr intervjuet med krinsleiar i IMF Sunnmøre, Johan Halsne.
Roblox og AmongUs er to populære spel og spelplattformer som Barnevakten no held webinar for vaksne om. Webinara er også svært populære, og Barnevakten har satt opp fleire. Høyr meir i vekas intervju med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnsesen om kvifor desse har tatt slik av, og korleis ein kan bli med på eit webinar.
- Bøn har hatt alt å bety, fortel Marit Stokken Berland om det arbeidet ho har fått vore med på dei siste førti åra som songevangelist. Høyr vekas kvardagsprat på Radio Sunnmøre.
I vår kom Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, frå Giske kommune, ut med sin fyrste ungdomsroman. Ein roman som handlar om Synne på 15 år som har ADHD, og romanen har fått namnet Sinne. Ein roman som set det å ha diagnosa ADHA i fokus, og som kan gi hjelp til fleire å få lese i romanform. Høyr intervjuet med Kolås Ingebrigtsen på Radio Sunnmøre.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.