I Mediekommentaren frå Tro & Medier denne veka tek Bergitte Viste opp nokre tankar om korleis vi kan normalisere seksualitet, framfor å normalisere ein seksualisert kultur, noko vi opplever at fleire gjer ved for eksempel å bruke pornografiens språk.
To av Robert Tjomlid sine dikt kjem no på trykk på tskjorter. Det er Fair&Square som lagar desse t-skjortene som er etisk produserte plagg, og der salet av t-skjortene går til å hjelpe fleire. Tjomlid fortel i eit intervju kva salet av desse t-skjortene går til, og kva han sjølv vil bruke sitt overskot på salet av.
Ved kjøp av ei av t-skjortene gir du då ei julegåve til fleire. Høyr meir i intervjuet med Robert Tjomlid.
Sjølv om det i dag er vanskeleg å samlast til foreldremøte i skulen, så er det viktig å ha kontakt med kvarandre. Barnevakten kjem med fleire tips og idear til korleis dette kan gjerast, og kvifor det kan vere bra å ha ein kommunikasjon foreldre seg i mellom når dei fleste elevar i dag har eit sosialt liv på digitale plattformer. Høyr vekas intervju med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
7 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.