I Bibelpraten denne veka har vi kome til Jakobs brev. Dette er eit brev som har store paraleller til Bergprekenen. Vi har tatt ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss idag.
Det kan fort bli ein irritasjon for vaksne når borna brukar mykje tid på gaming, dataspel og nettbrett. Barnevakten får telefonar frå foreldre som spør om råd, og i dagens prat med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen får du høyre kva råd dei gir foreldre som ringer.
I Kvardagspraten denne veka får du møte Marit Stokken Berland som fortel om møteverksemd i denne spesielle koronatida. Forrige veke fekk ho saman med Irene Krokeide Alnes halde møter i Straume Forum utanfor Bergen, og neste veke er det møter i Nordhordland. Høyr praten på Radio Sunnmøre.
Då korona stengte ned bedehusaktiviteten også på Vigra bedehus, drog Thomas Mulelid og Markus Røsvik i gong ein eigen podkast. I podkasten snakkar dei om daglegdagse opplevingar og knyttar det til tekstar i Bibelen.
Radio Sunnmøre tenker å sende podkasten i sine sendingar, og har i den anledning invitert Thomas og Markus i studio til ein liten prat. Høyr praten her:
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.