Det er viktig å vere med i eit berelag, fortel Irene Krokeide Alnes i vekas Kvardagsprat. Forrige veke var det Finnmarksveke på Godøya bedehus, og denne veka skal Irene saman med Marit halde møter på Straume Forum utanfor Bergen.
I vekas episode av Sjømannspresten tek vi ein prat med diakonal medarbeidar Kristianne Stendal Lothe. Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand får bety mykje for fleire nordmenn i landet, og eit av møta fortel Stendal Lothe om i vekas intervju.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.