I den nyaste episoda i Sjømannspresten tek vi ein prat med sjømannsprest Annstein Lothe, som arbeidar i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand. I vekas episode tek vi ein prat om gudstenestene og kor viktige dei er for nordmenn som kjem som turistar til landet, og for fastbuande nordmenn.
Gud har full kontroll, seier Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Vi tek ein prat om det å vere storesyster, møteverksemda som no blir begrensa på ny på grunn av korona, og om ei fantastisk radiomesse. Høyr kvardagspraten på Radio Sunnmøre.
I Ålesund driv Frelsesarmeen Varmestua til stor glede for mange. Då korona inntok landet vårt og stengte ned offentlege samlingspunkt, starta Varmestua med utkøyring av middag i Ålesundsområdet.
Vi har tatt ein prat med Åse Berg Grønvik i Frelsesarmeen, og ho kan fortelje at dei har kome i kontakt med nye mennesker denne tida som ynskjer middag og mat utlevert frå Varmestua.
Under årets Digitale Radiomesse fredag 6. november var utviklingsminister Dag Inge Ulstein i studio i ettermiddagstimen. Det å få lov til å bidra var noko av det engasjementet Ulstein snakka varmt om, både i frivilleg arbeid og i bistandsarbeid.
IMF har i dag kome med nye anbefalingar til møteverksemd rundt om i landet. I eit intervju med krinsleiar for IMF Sunnmøre, Johan Halsne, får du høyre kva dei anbefaler.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.