I Bibelpraten denne veka tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om det som også blir kalla for hyrdebreva eller pastorbreva, nemleg 1. og 2. Timoteus og Titus. I praten ser vi på kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
Korleis kome eit steg nærmare din Gud? Det er noko av det Marit Stokken Berland er oppteken av å fortelje om i kvardagspraten denne veka. Ho er for tida i Samskipnaden og held møter, og har også fått seg nokre turar i fjellet. Høyr praten på Radio Sunnmøre.
Barnevakten har tatt initiativ til ei ny fagbok om digital dømmekraft. Boka lanserast tysdag 20. oktober og har tema om kva barnehage og skule kan gjere for at born og unge skal få eit godt og trygt digitalt liv. Høyr intervjuet med dagleg leiar og initiativtakar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
I Bibelpraten denne veka tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i 1. og 2. Tessalonikerbrev, og om det å halde anden levande.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.