På Godøya var det i helga møter med markering av at det er 40 år sidan vekkelsen var på øya, og fleire av dei som vart frelst under vekkelsen kunne fortelje sin historie. I kvardagspraten denne veka med Irene Krokeide Alnes får du høyre frå dei flotte møta, og i tillegg får du høyre om konserten med Solveig Leithaug som skal vere på Alnes denne veka.
I vekas episode av Sjømannspresten får du møte Kristianne Stendal Lothe. Ho arbeidar som diakonal medarbeidar i Sjømannskyrkja på Thailand, og i vekas episode får du høyre meir om forskjellane på norske og thailandske sjukehus, og Lothe fortel meir om hennar rolle som diakonal medarbeidar inn mot norske pasientar.
Solveig Leithaug kjem tilbake til Sunnmøre og avsluttar Norgesturneen sin her til helga. Søndag skal ho i Herøy Frikyrkje og onsdag 30.september blir det konsert på Alnes fyr og opplevelsessenter. Høyr intervjuet med Solveig Leithaug på Radio Sunnmøre.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.