Radio Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Download on the App Store

Radio Sunnmøre episodes

  • Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes_190520
    I Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes denne veka tek vi ein prat om det å endeleg kunne samlast til foreining igjen. Vi tek også ein prat om 17. mai, radiomøta og om korleis det var å vere med på markeringa av salet av Ålesund bedehus måndag 18. mai. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
    9 min
  • Ålesund bedehus selt til Stiftelsen Ungdom i Oppdrag
    Måndag 18. mai vart det 115 år gamle Ålesund bedehus selt til Stiftelsen Ungdom i Oppdrag. Ålesund bedehus vart bygd i 1905 av Ålesund Indremisjon. I 2009 tok ImF Sunnmøre over huset, og måndag 18. mai vart det selt vidare til nye eigarar med store visjonar. Høyr intervjuet med krinsleiar for ImF SUnnmøre, Johan Halsne, styreleiar Oddbjørn Brunstad og senterleiarar for Ungdom i Oppdrag Ålesund, Randi og Jan Oskar Alnes.
    6 min
  • Barnevakten 2120_Kjellaug Tonheim Tønnesen
    Sidan koronaviruset hindrar Barnevakten i å arrangere seminar for foreldre rundt om i Noreg, så har også Barnevakten no startar med webinar for foreldre. Det fyrste webinaret går allereie tysdag 19. mai, og det tek vi ein prat om med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen i vekas prat.
    6 min
  • MK 2020 _Alexis Lundh
    I vekas mediekommentar frå Tro & Medier er det Alexis Lund, leiar av Heltfri.net som delar sine tankar om kva rolle pornoindustrien tok i møte med koronaviruset. Koronaviruset og porno - ein sjukdom kjem sjeldan aleine, er tittelen på vekas mediekommentar.
    7 min
  • Set borna i ein meir sårbar situasjon med nye endringar i bioteknologilova
    Stortinget skal 26. mai behandle Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet og SVs forslag til endringar i bioteknologilova, ein avtale dei presenterer som "Bioteknologiforliket 2020". Lovleg bruk av lagra sæd frå avdøde, assistert befruktning for einslige, eggdonasjon og NIPT-test til alle kvinner er nokre av hovudpunkta i forliket.
    - Stortinget ser ut til å opne veldig mykje opp, men er veldig lite merksame omkring borns rettigheter og borns behov. Argumenta er knytta til dei vaksnes interesser og høgst forståelege behov, og borna kjem i andre rekke. Det bekymrer meg mest, seier Øyvind Håbrekke, fagleg leiar i tankesmien Skaperkraft. Håbrekke har tidlegare vore politisk rådgjevar og statssekretær for både statsråd Einar Steensnæs og statsråd Knut Arild Hareide, og var sjølv innvald på Stortinget i 2009-2013 der han sat i Stortingets familie - og kulturkomitè.
    - Vi set borna i ein meir sårbar situasjon når einslige kvinner skal kunne få assistert befruktning. Då mister ein at alle born får ei mamma og ein pappa. Sjølv om einslige mødre kan gje ein god oppvekst, så er det meir sårbart. I tillegg er det nokre store dilemma i retten born har i FNs barnekonvensjon til å kjenne foreldra sine og slekta si, seier Håbrekke i eit intervju med Radio Sunnmøre. Høyr heile intervjuet her.
    11 min

About Radio Sunnmøre

From the publisher's feed

Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.

More shows like Radio Sunnmøre

Salt by Salt Bergen

Salt

3 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

1 Listeners