Ein av to ungdomar mellom 13-18 år har sett på porno, og 57 % av desse har sett porno før fylte 13 år. Ei ny undersøking frå Medietilsynet og Redd Barna syner desse tala, og i ein prat med Barnevakten ved fagleg leiar, Kjellaug Tonheim Tønnesen, tek vi ein prat om kva resultata i undersøkinga er og kva grep som blir tatt for å hindre at så mange barn og unge ser porno.
Søndag 14. juni vert det arrangert ein stor familiefest digitalt for heile Møre & Romsdal. Det er Indremisjonsforbundet, Acta Normisjon, SoulChildren, Norkirken Molde og Søndagsskulen som står bak arrangementet, som i normale koronafri tider har nær 1000 menneske samla i Reknesparken i Molde. I år vert arrangementet digitalt, og vi har tatt ein prat med pastor i Norkirken Molde, Odd Magnus Venås.
I Bibelpraten denne veka har vi kome til Paulus brev til galatarane der Paulus forkynner evangeliet. I bibelpraten tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
Nå nærmer vi oss er tittelen på Robert Tjomlid sin andre diktbok. Han fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre at han i i dikta sine gjev uttrykk for mange av sine opplevingar og erfaringar i livet som fleire kan kjenne seg att i. Høyr smakebit frå boka og intervju med Robert Tjomlid på Radio Sunnmøre.
I kvardagspraten denne veka tek vi praten med Marit Stokken Berland. Vi er denne veka i tida mellom Kristi Himmelfartsdag og pinsehelga, og i praten med Marit snakkar vi litt om kva som hende desse dagane i Bibelen og kva det betyr for oss i dag.
11 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.