Denne veka kom Barnevakten med fyrste episode i ein ny undervisningsserie i nettvett for elevar på mellomtrinnet. Høyr intervjuet med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
Møre barne- og ungdomsskule Skodje har fått ny rektor for dei to neste åra, nemleg Lars Johan Stokken. Han er opprinneleg frå Stord, men har budd dei siste åra på Skodje. Høyr intervjuet med Stokken her på Radio Sunnmøre.
I BIbelpraten denne veka får du høyre meir i frå 1. Korinterbrev og om nådegåvene, i ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås. Høyr siste episode her på Radio Sunnmøre.
I eit intervju med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, får vi høyre om ein ny fellesportal for elevombuda. Dei skal vere med å sikre at det er enklare å finne fram når ein treng nokon å snakke med om mobbesaker. Elevombudene.no er den felles nettsida for alle mobbeombud i landet som ynskjer å bistå i saker om digital mobbing.
Marit Stokken Berland er med i kvardagspraten i dag, og vi tek ein prat om korleis påska har vore utan å kunne samlast til påskemøter på ulike stadar. Marit Stokken Berland har fått nytta tida i bøn og stillheit, og kan fortelje om mange flotte samlingar på nett og radio.
Kjell Arne Sæter er ein av radiopionerane for lokalradioen på Sunnmøre. I eit intervju med han fortel han frå si tid med å få sendingar for Radio Sunnmøre, på den tid Radio Sentrum, på lufta.
Terje Heggdal frå Vigra er koronafast i Rwanda. Han er tidlegare lærar, og no har han lagt ut på ein liten tur i Afrika, og er for tida koronafast i Rwanda. Høyr intervjuet Johan Behrentz har gjort med Terje Heggdal over messenger.
7 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.