Egil Sæther frå Vigra er ein av mange som er med og held laurdagskveldsendingar på frivilleg basis på Radio Sunnmøre. Egil har vore med heilt sidan oppstaren av radioen, og har mykje å fortelje frå denne tida han har vore med. Han er framleis med og fortel kvifor han har fått eit stort engasjement for Radio Sunnmøre.
I vekas intervju med Barnevakten får du tips om apper og familievennlege spel, som kan vere kjekke å ha både i dagens heimesituasjon og no når påska nærmar seg. Denne veka har vi intervjua dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
Ein ny barnelandsby vert opna og teken i bruk. Det er noko av det Gunnar Hamnøy fekk oppleve på sin siste tur til Afrika, før han kom heim og vert sett i Corona-karantene.
Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon er i gong, og i eit intervju med Berit Nerheim Andersen får vi høyre om ein litt annleis aksjon i år på grunn av koronaviruset. Høyr intervjuet gjort av Arild Ove Halås.
Størst av alt er kjærleiken, som Gud viste menneska då Han sendte sin Son. Høyr bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås. Vi er inne i 1. Korinterbrev og tek ein prat om det som står i Bibelen, og kva det kan bety for oss i dag.
7 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.