I eit intervju med Arne Tord Sveinall, instituttlektor i sjelesorg ved Modumbad, anbefalar han å dele bekymringane ein har med nokon andre. Det verste ein kan gjere i ei slik tid vi er i no, er å sitte med alle bekymringane aleine. Høyr intervjuet med Arne Tord Sveinall på Radio Sunnmøre.
I vekas episode i Bibelpraten med Johan Halsne og Arild Ove Halås, ser vi på kva som står i 1. Korinterbrev om det å vere ein kropp - ei menighet. Kva står i Bibelen og kva kan det bety for oss i dag?
Digital omsorg er temaet for vekas prat med Barnevakten og fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen. I tillegg snakkar vi litt om skjermtid, og korleis bruke den tida på ein god måte i ei litt spesiell tid for både små og store.
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes. I denne koronatid er humor viktig å ha med seg, også i ei krisetid. Vi tek også ein prat om bøn, og kva bøn eigentleg er. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes på Radio Sunnmøre.
Forrige helg kom Olaug Lillian Bjørke heim frå Sentral-Asia, der ho har vore på tur med Åpne Dører. Som alle andre som har vore ute og reist i det siste, så er også Olaug heime i karatene. Difor var vi så heldige å få eit telefonintervju med henne for å få høyre nokre skildringar frå turen ho nyleg har fått oppleve.
Når det er synd å bruke eit toalett, kan det å få lese Bibelen på sitt eige språk hjelpe også mot smittsame sjukdomar. Dette er noko av det du får høyre om denne gongen i samtale med Johanne Leinebø.
Sjøholt folkehøgskule innfører midlertidig byggjestopp på renovering av skulen, og blir difor ikkje klar til skulestart i august 2020. Kunnskapsdepartementet har innvilga skulen utsetjing av skulestart til august 2021.
I eit intervju med styreleiar Odd Christian Stenerud på Radio Sunnmøre fortel han meir om saka.
Månadens fokus i Åpne Dører er Vest Afrika. Det har vore ei enorm vekkjing over kontinentet, og Afrika er i dag den verdsdelen med flest kristne. Høyr vekas program med Olaug Lillian Bjørke i Åpne Dører.
La oss bringe håp i ei uroleg tid, det er tittelen på vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved Jarle Haugland.
5 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.